Vil gi fleire tilgang til reint vatn

Tirsdag 19.mars vil konfirmantane våre samt andre frivillige gå frå dør til dør med innsamlingsbøsser – for at andre skal få tilgong til reint vatn. Det er den årlege fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp som går av stabelen og vi vonar på stor givarglede slik at vi kan bidra til å gje HÅP I EIN DROPE VATN - å få gjere ein skilnad for andre.

Foto: diakon Ingvild Snipsøyr

Konfirmantane vil gå frå dør til dør – for dei som ikkje har reint vatn i springen. Bak frå venstre ser vi Lucas Reksten Auning, Eivind Snipsøyr Nossen og Amund Blomvik Grande. Fremst: Emil Eidskrem Urvik, Herman Hide Vedde, Nickolai Vestre Fiskerstrand og Benjamin Tafjord Helgesen.

Fasteaksjonen i år handlar om noko av det mest essensielle i livet - tilgang på reint vatn.

– Det er vanskeleg for oss å forestille oss eit liv utan rennande vatn i springen. Dessverre er ikkje dette ei selvfølge alle stader i verda, seier Ingvild Snipsøyr.

Diakonen i Sula sokn er glad for å sjå det store engasjementet kring Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon, som i år er sett til tirsdag 19. mars.

– Ta godt imot ungdomane

– Fasteaksjonen gir konfirmantar og frivillige i kyrkjelyden ei muleghet til å gjere ein ekstra innsats for dei som ikkje har det like godt som oss, seier Snipsøyr. – Vi kan vere med på å gi håp i ein drope vatn for andre som før måtte gå fleire timar for å skaffe vatn til seg og familien.

Når konfirmantane våre brukar nokre timar på å gå frå dør til dør, er det altså med mål om at dei som i dag har lang veg til reint vatn skal få det lettare.

– Eg håper at alle som får besøk av ein bøssebærar denne dagen tek godt imot dei og støttar opp om dette viktige arbeidet.

Artikkelen er skriven av Odd Solnørdal og den er henta frå Sulaposten.
Tusen takk for godt samarbeid og fokus på ein viktig sak!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"