– Folk veit ikkje kva dei går glipp av

Gjennom 17 år på kyrkjekontoret har ho møtt menneske på Sula i ytterpunkta av livet – i sorg og glede. No er Herdis Solevåg (68) pensjonist, men vil gjerne reklamere for kyrkja.

Herdis Solevåg har gått av med pensjon etter 17 år som konsulent og kyrkjetenar på kyrkjekontoret.

Tidlegare jobba Herdis Solevåg som assistent på tannlegekontoret.

– Der møtte eg også alle slags folk. Mannfolka var forresten verst hos tannlegen. Ein pasient sa at han heller ville hoppe inn i Trollveggen enn å vere der, fortel Herdis og ler. Ho ler ikkje høgt og stemma er dempa og kontrollert.

I arbeidet som konsulent på kyrkjekontoret var det viktig for ho å ta imot dei som kom dit på ein god måte. Ho ville at terskelen skulle vere lav for å ta kontakt same kva det gjaldt.  – Men eg var alltid forberedt på at neste telefon eg tok kunne vere alvorleg, seier ho.

Dei siste åra før ho gjekk av med pensjon var ho også kyrkjetenar og deltok i mange gravferder. – Det er noko av det som har gjort sterkast inntrykk. Det er fint å vere med folk i sorga.

 

Arveleg belasta

Faren hennar var spesielt opptatt av to ting: kyrkja og politikken. Han var aktiv i kommunestyret for KrF og var ein pådrivar for å bygge Indre Sula kyrkje. Sjølv satt Herdis i kommunestyret for KrF i til saman 12 år. I to periodar var ho i formannskapet. – Eg vart heilt hekta, seier ho om tida i politikken. Ho opplevde at sjølv om ein var svært ueinige i ulike saker så kunne ein likevel ta kaffipause etterpå og snakke saman som vener.

Tidlegare kollegaer på kyrkjekontoret fortel at sjølv om Herdis er mild og snill så kan ho seie tydeleg ifrå om kva ho meiner – på ein god måte. Ein gong ringte ho ordføraren fordi det mangla ovn i prestebustaden – og så vart det ordna.

Datamaskina på kontoret har ho derimot aldri kome overeins med.

– Eg og «dataen» er ikkje vener, seier ho og ler, denne gongen ler ho høgt.

– Det er menneska eg er mest opptatt av, seier ho.

 

 

Kyrkja som ein heim på jorda

For Herdis har kyrkja blitt viktigare for ho etter kvart som ho har blitt eldre.

– Konfirmasjonen var ikkje noko stas. Når det var «spørjarsøndag» i Borgund kyrkje stod eg i ei lang rekke bakover i kyrkja medan presten stilte spørsmål. Vi hadde konfirmantundervisning på Blindheim, men presten hadde ikkje tid til oss og det syntes vi var like greitt, seier ho og humrar.

No er kyrkja det siste ho vil kutte ut som pensjonist sjølv om ho ikkje lenger har nøklane. – Sidan Indre Sula kyrkje vart bygd i 1984 har eg hatt nøkkel til kyrkja. Det var litt rart å levere frå seg nøkkelen til Monica B-W Eikrem, som no er konsulent på kyrkjekontoret.

Herdis er framleis med som frivillig i kyrkja og opplever at liturgien der kan bere ho.

– Noko av det finaste eg opplever i kyrkja er når menneske kjem innom og føler seg trygge der, å sjå at dei kjem tilbake og plutseleg går til nattverd.

 

På skothald

På markane nedanfor huset hennar er det no fullt av sauar og lam. Ein gong såg ho ein sau som stanga eit nyfødt lam og sa ifrå til naboen om det. Han tok lammet og bar det vekk derifrå. – Det måtte eg fortelje andre om, det vart eit fint bilete for meg på Jesus som er gjetaren, seier ho.

Sjølv er ho i periodar også vakta av jegerar i skogkanten bak huset. Ein morgon ho låste ytterdøra og skulle på jobb ropte ein av jegerane: «No er vakta over, no skal Herdis på jobb, så no kan vi gå heim!»

Ho gler seg elles over at det vert starta opp søndagsskule i kyrkja etter at konfirmasjonane er over.

– Folk må kome og oppleve det som skjer i kyrkja. Det er godt å vere der uansett korleis ein har det. Det er ein stad det skal vere trygt å vere i alle situasjonar – både i sorg og glede

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"