Forsongargruppe debuterer i Langevåg kyrkje

Søndag 25. november debuterte eit knippe forsongarar i gudstenesta i Langevåg kyrkje. Responsen frå dei andre gudstenestedeltakarane tyder på at ønskt effekt vart oppnådd.

Publisert:

Forsongargruppa som tok del i gudstenesten 25. november i Langevåg kyrkje. Frå venstre bak: Mari Kristin Blindheim, Håvard Sveås, Per Kåre Volle. Foran frå venstre: Jan Erik Hovland, Toril Solevåg, Stine Lerheim, Arne Lerheim.
Forsongargruppa som tok del i gudstenesten 25. november i Langevåg kyrkje. Frå venstre bak: Mari Kristin Blindheim, Håvard Sveås, Per Kåre Volle. Foran frå venstre: Jan Erik Hovland, Toril Solevåg, Stine Lerheim, Arne Lerheim.

Det har vore eit ønskje frå fleire hald å få til ei forsongargruppe som kan vere med og lyfte allsongen i gudstenestene. No i haust har kantor Håvard Sveås begynt å trekkje i trådane, og sist søndag var altså fyrste deltaking i gudstenesta.

Dei 6 songarane som tok del denne søndagen hadde fått tilsendt salmane på førehand og møtte opp ein god time før gudstenesta for ei kjapp gjennomsynging. Resultatet vart ei lita gruppe som song klart og tydeleg salmane i gudstenesta, fleirstemt song på nokre av dei faste liturgiske ledda, og litt ekstra 2-stemmig song nokre andre stader. Enkel men effektfull korsong frå galleriet i Langevåg kyrkje.

Forsongartenesta er eit uforpliktande fellesskap av korsongarar som stiller opp dei gongane dei har høve til det. Viss du er interessert i å vere med kan du ta kontakt med Håvard Sveås - det er god plass på galleriet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"