Fastetid - ei tid for ettertanke

Fastetida er som ein slags vår-reingjering. Gjennom fastetida blir lyset sterkare og dagane lengre. Under snøen førebur naturen seg på at nytt liv skal spire fram.

Fastetid - ei tid for ettertanke

Tid for faste

Tre dagar etter fastelavenssøndag kjem askeonsdag som er den første dagen i fastetida.
I tidlegare tider blei bodet om å faste, det vil sei avstå frå mat og drikke, tatt bokstaveleg. Heilt fram til 1800- talet fulgte mange fastetradisjonar her i landet. No i vår tid er fasten fyrst og fremst ei tid for å vere stille, ei tid for meditasjon - som ei førebuing til påskehøgtida.

Fastetida varer i 40 dagar, frå askeonsdag til og med påskeaftan -minus søndagane, som ikkje er fastedagar. Førfastesøndagen - Fastelavnssøndag reknast også med i fastetida. Fastetida er ei påminning om Jesu 40 dagar i ørkenen, kor han tre gonger blei freista av djevelen.

Bibeltekstane i fastetida

Bibeltekstane i fastetida omhandlar åndskampar, strid og uthaldande tru. Valg av tekstar har samanheng med fasta sitt opprinnelege mål - ei førebuingstid for dei som skulle døypast påskenatt. Dei skulle leva i faste og bønn i innføringstida, og skikken med faste og bøn blei etterkvart
overført til heile kyrkjelyden...

Askeonsdag - kva er det?

Ein annan skikk som oppstod tidleg i kyrkja si historie, var at dei som hadde gjort seg skuldig i grov synd - som gjorde krav på offentleg bot, starta sin botsperiode på onsdagen før første søndag i fasta. Slik såg askeonsdag dagens lys.

Synderar kledde seg i botsklær og fekk oske strødd over seg, men biskopen sa til dei:

"Hugs, menneske, at du er støv og skal vende tilbake til støv. Gjer bot så du kan ha evig liv."

Etter denne hendinga blei dei som gjorde bot drive ut av kyrkja, slik som Adam og Eva blei driven ut av paradis. dei vart tatt inn i felleskapet igjen skjærtorsdag.

Det har heldigvis skjedd mykje med botspraksisen i kyrkja sidan den gong. Grunnen er ikkje kun aleine at det var ein svært streng og stigmatiserande praksis, men og at det er blitt ein sterkare forståing i kyrkja at vi alle treng å gjere bot kvar dag. Ikkje minst gjeld det i luthersk samanheng. Luther sjølv la stor vekt på den daglege omvendinga (bota) for å leve eit liv som kristen.

Mange kyrkjer plar å ha gudsteneste denne dagen, ofte med tegning av askekors. Før korset vert tegna seier liturgen til kvar enket orda som vi kjenner frå kyrkas tradisjon:

"Kom i hu menneske, at du er støv og skal venda att til støv."

Fastetida

Fastetida er ei førebuing til Jesu død og oppståe, som er grensesprengande og heilt ubegripeleg. Fasta er ei tid for å gripe fast i det som er umisteleg for trua. 

For nokon er det ei tid for å kople seg frå innarbeidde vanar. For andre er det å koble seg til det som er aller viktigst.

Sjølv om fasten har sitt utspring i frå Bibelen, er det ikkje så utbredt å faste i dag. Ei moderne utgåve av fasten kan likevel dukke opp i ulike miljø, der ein for eksempel tar seg ein pause frå TV eller internett, eller anna som tek vekk merksemda mykje av tida. For faste treng ikkje bare å dreie seg om å la vere å spise, men like fullt å rette merksemda mot Gud. 

Faste tida er ei tid for øving, - skjerpe sansane, bli meir lydhøyr, få auge på sitt eige liv, menneska rundt seg og Gud.

Faste - ei tid for stillnad, ei tid for konsentrasjon - ei tid til å få ta imot.

Teksta er henta frå Den Norske Kyrkja sine nettsider om fastetid og fastelavn.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"