Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, tysdag 5.april

Det nærmar seg årets KN-aksjon og tysdag 05.april vil konfirmantane våre igjen komme på dørene med fastebøsser. Dei to siste åra har aksjonen kun vore digital så vi gler oss til å komme tilbake til normalen igjen og få vere synlege i nærmiljøet denne dagen. Kanskje klarar vi endeleg å nå målet vi satte oss i 2018 om å klare å samle inn 100.000,- her i Sula kommune. Vi var i 2019 ganske nære men pandemien dei siste åra har gjort at vi har havna langt under denne målsettinga. Vær med å gjere ein skilnad og gi håp til trengande i heile verda og ta godt imot konfirmantane våre!

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, tysdag 5.april

Fasteaksjonen - Noregs nest største innsamlingsaksjon
Fasteaksjonen er ein tradisjon som strekk seg langt tilbake i tid. For over 50 år sidan bestemte kyrkjelydane i Noreg seg for å ha ein årleg innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp (KN) sitt arbeid.
KN-aksjonen er idag den nest største innsamlingsaksjonen i Noreg, etter TV-aksjonen. Aksjonen er lagt i den tida av kyrkjeåret som heiter fastetida. 

Fasteaksjonen nærmar seg, og kyrkjelydar over heile landet med konfirmantar i spissen - er klare til å gjere ein uvurderleg innsats 3-5 april. Aksjonsdagen her i Sula kommune blir tysdag 05.april og vi ber om at konfirmantane blit godt mottekne når dei ringer på døra. Kanskje vi kan grave litt ekstra djupt i lommeboka i år? Ynskjer du å bidra? Sjå kontaktinfo nedst i artikkelen.

Krigen i Ukraina pregar oss alle, og når kriser oppstår kan både barn, ungdom og vaksne kjenne at eit motsvar til frykta kan vere å gjere noko godt for dei som lid. Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein god mulighet til å få gjere noko konkret. Pengane frå fasteaksjonen går til heile Kirkens Nødhjelp sitt arbeid, også til dei som no er ramma av krigen i Ukraina. Saman kan vi lindre nød og redde liv.

Vatn er ein livsviktig ressurs og vi ser fram til å mobilisere, slik at stadig fleire menneske kan få tilgong til reint vatn.

I 2022 markerar Kirkens Nødhjelp 75 års jubileum med håp spm overordna tematikk. Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein viktig del av markeringa, og har fått tittelen. " Håp i ein dråpe vatn".

Det er krig i Ukraina, hundretusen er på flukt og ein alvorleg krise utviklar seg. Kirkens Nødhjelp med søsterorganisasjonar var raskt på plass med akutt naudhjelp som reint vatn, mat, tepper og hygieneartiklar til flyktningane. 

Kirkens Nødhjelp utfører arbeid på vegne av kyrkjene i Noreg. Oppgåva er å redde liv og kreve rettferd, og dei arbeidar både med naudhjelp i krisesituasjonar i tillegg til langsiktig arbeid. Pengane som samlast inn i fastetida går til Kirkens Nødhjelp over heile verda. Dette gir mulighet til å raskt mobilisere når kriser oppstår, slik som det no gjer for innbyggarane i Ukraina.

Fokuslandet for årest fasteaksjon er Malawi. Tidlegare i år blei landet ramma av flom, og Kirkens Nødhjelp var tilstades med krishjelp. I tillegg jobbar dei også med langsiktig bistandsarbeid i landet, blant anna gjennom klimatilpassa jordbruk med vatning via dryppsystem. Vi får lov til å bli kjent med Takondwa Phanga. Han er agronom, og lærer bort moderne jordbruksteknologi til småbønder for å nedkjempe svolt og fattigdom.

Vi ser fram til å mobilisere, slik at stadig fleire mennske kan få tilgong til reint vatn!
Takk for at du er med å gjere ein skilnad! God fasteaksjon!

Ynskjer du å bidra på aksjonsdagen?
Vi treng hjelp til ulike praktiske oppgåver denne dagen så har du mulighet kan du melde deg ved å sende ein e-post til vår KN-fasteaksjons konsulent: Odd Bjåstad, e-post: odd.bjastad@sula.kommune.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"