Takk for bidraga til reint vatn!

Tradisjonen tru samla Sula kyrkjelyd inn pengar til Kirkens Nødhjelp under årets fasteaksjon. 9.april banka over 100 bøssebererar på dører over heile øya. 92 376 kroner vart samla inn på Sula.

Foto: Kirkens Nødhjelp
Foto: Kirkens Nødhjelp

– Vi er veldig glade for alle bidraga som har kome, både i form av pengar og frivillig innsats, seier diakon Ingvild Snipsøyr. Saman med fleire tilsette ved kyrkjekontoret organiserte ho innsamlinga. Frivillige og konfirmantar deltok i aksjonen tysdag ettermiddag og kveld.

Kvart år dør enn 1 million menneske dør som følgje av mangel på reint vatn og dårlege sanitærforhold.  Over 884 millionar menneske har ikkje tilgang til reint vatn. Dette vil Kirkens Nødhjelp gjere noko med.

– Sjølv om vi ikkje nådde målet på 100 000 kroner i år så er vi godt nøgde med pengane som kom inn. Kvar krone gjer ein forskjell for dei som treng reint vatn. Takk til alle som på ein eller annan måte har bidrege i fasteaksjonen! seier Snipsøyr på vegne av dei som har jobba for å gjennomføre innsamlinga.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"