Dåpsgåva - ei gåve til kvart enkelt og til felleskapet

Bispemøtet vil løfte fram betydninga av dåpen for kyrkjelydane, og har i felleskap laga denne teksten om dåpsgåva. Den 12 januar 2020, 2. søndag etter Kristi åpenbaringsdag då preiketeksta handla om beretninga om Jesu dåp (Matt. 3, 13-17) vart det naturleg å sette ekstra fokus på dåpen og lese denne teksta frå biskopen.

Foto: Bo Mathisen

Dåpsgåva - Biskopens tekst

I året som ligg framfor oss, vil vi i kyrkja gi dåpen ekstra merksemd.
Kva har vi i dåpen? Kvifor skal vi døypast?

Heilt sidan Jesus bad oss om å døype, har menneska søkt dåp. Dåpen er eit mysterium. Ord kan ikkje fullt ut beskrive det som skjer. Vatnet blir aust opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande. Ved evangeliet, det levande Ordet, blir vatnet ei nådekjelde. Dåpen gir oss del i påskeforteljinga om Jesus som døydde og stod opp av grava.

Tradisjonen vår er å bere barn til dåpen. Vi feirar det nye livet og legg barnet i Guds hender. Foreldre gjer mange val for barna sine. Når eit barn blir døypt, svarar foreldra og fadrar ja på vegne av barnet. Men det er aldri for seint å bli døypt. Når ungdom og vaksne blir døypte, svarar dei sjølve ja. Også då står fadrar klare til å hjelpe den døypte til å leve i dåpen og trua på Jesus. Bibelforteljingar, bøn, nattverd og tilhøyrsle i kyrkja er ein del av dåpsvelsigninga.

Vatnet i den kristne dåpen er eit teikn som rommar både liv og død. Vatnet er livsgrunnlaget vårt og samtidig ein trussel. Når vi feirar dåp, set vi derfor òg ord på og tek avstand frå det som er vondt og imot Guds vilje. Det gjer vi i felleskap når vi forsakar djevelen og vedkjenner oss trua. Dåpen skjermar oss ikkje mot vondskap, synd og destruktive krefter. Han gir oss eit løfte og eit håp om at livskreftene er sterkare, og at Gud tilgir oss og reinsar oss for all urett.

Livet fører oss opp og ned, vi er både sterke og sårbare og treng å høyre til i ein samanheng. Kor ulike vi enn er, i dåpen blir vi eitt på tvers av alt som skil oss. Dåpen gir oss felleskap med Kristus og med kristne søsken i den lokale kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja. Dette felleskapet strekkjer seg over tid og rom, for det er èi tru, èin dåp og èi kyrkje. Det vi får i dåpen, gir oss mot og styrke til å elske Gud og nesten vår. 

Dåpen er ei gåve frå Gud, gitt av nåde, tre handfuller vatn, auste opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande til evig liv. Vi går framtida i møte med Kristus.

 

Er det noko du lurer på kring dåpen - ta kontakt med oss på kyrkjekontoret. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"