Andakt, Skjærtorsdag

Teksta frå Matteusevangeliet 26, 17-30 handlar om fire ting: Påskemåltidet, nattverda, sviket og nåda. I den kristne kyrkja, rundt om i verda, feirast nattverd slik Jesus bad oss om. Nattverd er eit fellesskapsmåltid, som bind oss saman. Men i år får vi ikkje feire det saman.

Glassmåleri frå Our Lady Guadalupe kyrkja i Mexico. Nattverd: unsplash.com

Teksta frå Matteusevangeliet handlar om fire ting: Påskemåltidet, nattverda, sviket og nåden.

Det handlar om påskemåltidet, som jødane feira kvart år til minne om det siste måltidet folket deira åt før slaveriet i Egypt var over. Det er eit frigjeringsmåltid og eit minnemåltid. Det er også eit fellesskapsmåltid, som bind jødar over heile verda saman.

Og teksta handlar om nattverda, som Jesus delte med disiplane sine. Det var den påska då han skulle døy, for å frigjere oss menneska frå vondskapens og dødens fangenskap. Det er altså også eit frigjeringsmåltid. Det starta som eit «siste måltid», siste påskemåltid Jesus hadde med disiplane sine. Men Jesus gjorde det til eit «første måltid», første nattverda med dei som trudde på han. Nattverda er også eit minnemåltid. «Gjer dette til minne om meg.», sa Jesus.

I den kristne kyrkja, rundt om i verda, feirast nattverd slik Jesus bad oss om. Nattverd er eit fellesskapsmåltid, som bind oss saman. Men i år får vi ikkje feire det saman.

Når Lukas fortel om same hendinga, siterer han Jesus slik: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» (Matt 22, 15-16.)

No er det vi som må vente og lengte. Men vi veit at når dette er over, skal vi igjen få kjenne, heilt konkret med kroppen vår, at nattverd bind oss saman. Måltid med andre er eit nært fellesskap. Og som med andre måltid, handlar det om kroppen: Om mat, næring, smak og lukt, tygging, drikking og svelging. Vi får fellesskapet inn i kroppen vår, fellesskapet med Jesu og dei andre. Men det handlar også om Jesu kropp: «Dette er Jesu kropp. Dette er Jesu blod.» Vi får Jesus, og alt han representerar, inn i kroppen vår: Kjærleiken, tilgjevinga og nåden.

Nattverd er eit gledesmåltid og styrkemåltid. Glede over at Jesus tok kampen mot vondskapen for oss. Og styrken Gud gir i møte med det vonde og tunge. Også i ei tid med avstand, isolasjon og avgrensing. No står vi saman, sjølv om vi er skilt frå kvarandre. Då skal vi sjå og kjenne fellesskapet, gleda og styrken meir konkret. La oss ta vare på den lengselen. Vi treng kvarandre.

Lidingshistoria handlar også om svik. Om Judas som forrådte Jesus, Peter som fornekta og dei andre disiplane som rømde ein etter ein. Dei lova ting dei ikkje greidde å halda i ein pressa situasjon. Ikkje ulikt oss?

Det gjer djupt inntrykk at Jesus, likevel feirar den første nattverden med nettopp desse. Kvifor bad han ikkje Judas og Peter og dei andre om å gå frå bordet, når han visste at dei kom til å svike han? For han visste at då ville han bli åleine ved bordet. Gud vil ha fellesskap, også når vi feilar. Han jagar oss ikkje frå bordet.

Nattverdmåltidet er eit sterkt signal om Guds kjærlege nåde. Det ropar ut at det er plass til alle. Det er ikkje eit måltid for dei vellykka, men eit nådemåltid der Gud tar imot oss, tilgjev oss og gjev oss ein ny start. Vi kan reise oss, rak i ryggen, etter måltidet. Denne nåden kan vi få, alltid, når vi bed Gud om det. Også utanom nattverdmåltidet.

La oss stå saman, i takksemd over nattverda som Jesus vil dele med oss! Og lat oss stå saman i lengten etter å ein dag få feire nattverd saman i kyrkja vår igjen!

2. Mos 12, 1.3-8.11-14.

1. Kor 5, 6b-8.

Matt 26, 17-30.

Andakta for skjærtorsdag er skriven av kapellan Kirsti Evensen Bjåstad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"