Andakt: Ein medlidande Gud!

Har du opplevd liding? For mange sit det langt inne å bruke omgrepet liding om si eiga oppleving, men liding er ein breitt definert negativ tilstand. Den opplevast oftast som ei form for smerte, plage, eller naud. Det er ei subjektiv oppleving, som framkallar motvilje og ubehag. Då har dei fleste av oss opplevd liding. Likevel er lidinga ujamt fordelt. Nokre av oss går gjennom livet utan særleg motgang, mens andre får mykje vondt å bere.

Bilde 1-3 i Victor Sparres glasmalerier i Jeløy kyrkje som følger Jesu vandring mot Golgata.

Vi har, kvar enkelt, vår måte å møte liding på. Nokre klagar, og set ord på det som er vondt og vanskeleg. Andre held det inni seg, og ber det åleine. Andre igjen får til ei veksling mellom dei to, og har nokon nære dei delar smerten med. Nokon som lid med dei. Når vi lid går vi ofte inn i oss sjølv, og det kan vere vanskeleg å sette ord på lidinga. Men når vi klarar å sette ord på det vanskelege, og blir møtt på ein god måte, er det felles for oss at vi kan kjenne at børa lettar. «Delt sorg, er halv sorg», seier ordtaket.

Men kva då når ingen forstår og tar mi smerte, uro og liding på alvor? Når eg er åleine i verda, og ingen eg har tillit til? Kva når dei eg trudde ville gå med meg gjennom det vonde, ikkje maktar eller evnar det? Kva når eg er heilt avmektig? Kva når eg innser at eg til sjuande og sist står åleine med lidinga, slik eg også må stå åleine når eg må møte døden?

Ei slik einsemd er ei tung ekstra bør, i tillegg til lidinga. Ei av lesetekstene for 4. søndag i fastetida snakkar sterkt inn i ein slik fastlåst situasjon: Hebr 4, 14-16. I denne teksten kallast Jesus «ein stor øversteprest»: «For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.» (v. 15-16)

Heilt frå det vonde kom inn i verda, har Gud lide med oss. Og heilt frå Jesus, Guds son, kom som eit lite og verjelaust barn, har han levd i lidinga, saman med oss. Han har kjent det på kroppen, sjela og ånda si kva det er å leve med liding. På krossen ropte han ut: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Han gjekk inn i dødens mørke, men døden kunne ikkje halde han fast. Han sigra over synd, død, liding og smerte. Derfor maktar han å leve seg inn i vår liding, og gå med oss gjennom både liding og død. Vi slepp å gå åleine, for han som har vunne over liding og død vandrar og lid med oss. Vi har ein Gud som ikkje er heva over det tunge og vonde. Han møter det, saman med oss. Vi er aldri åleine. Derfor kan vi med frimod komme med lidinga vår til Gud.

1. Mos 22, 1-14. Hebr 4, 14-16.  Joh 11, 45-53.

Andakt av kapellan Kirsti Evensen Bjåstad

 

«Herre, du våker i verdens natt,
Herre, du bor i mørket,
Herre, du viser oss Kristi dag!
Selv under livets tyngste slag
er vi hos deg, du vår Gud!
Amen, amen.»    

Svein Ellingsen  Salme 738, Norsk salmebok 2013. (N13)

«Gi håpet rom i denne tid,
hvor langt du enn er nede.
Hos den som taper i sin strid,
er Herren skjult tilstede.
Ved Kristi verk
skal du bli sterk
og hvile i Guds fremtid.»  

Svein Ellingsen   Salme 478, N13

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"