[Advent] - Lysa tiltek i styrke!

Å markere adventstida med å tenne eit nytt lys på kvar av dei fire søndagane er ein gamal og fin skikk. Lyset tiltek i styrke jo mørkare det blir ute og jo nærare vi kjem det store lyset: Jesus som blir født i ein stall.

[Advent] - Lysa tiltek i styrke!

Advent er ei forkorting for Adventus Domini, som betyr Herrens komme. Det var eit uttrykk som dei i det gamle Roma vart brukt om tida like før ein betydningsfull person skulle gjeste ein by eller ein stad.

Nettopp når kulda og mørket gjer seg gjeldande for alvor, tenner vi det første adventslyset. Lysa blir snart fleire.

Å markere adventstida med å tenne eit nytt lys på kvar av dei fire søndagane er ein gamal og fin skikk. Lyset tiltek i styrke jo mørkare det blir ute og jo nærare vi kjem det store lyset: Kristus som blir født i ein stall.

"Mens frost og vintermørke rår, begynner kirkens nye år." Slik startar ein av våre nyare adventssalmar (Norsk salmebok nr. 18). På 1.søndag i adventstida startar eit nytt kyrkjeår.

Gjennom kyrkjeårets gang møter vi ei rekkje bibelske hendingar, motiv og symbol. Kyrkjeåret pregar gudstenestene og gir gudstenestelivet variasjon, slik at kvar søndag og helligdag får si serlege karakter. Bibeltekstane, mange av bønene og andre delar av gudstenesta er prega av kyrkjeårstida og av den enkelte søndag. Naturens vekslingar og kyrkjeåret pregar kvarandre og gir meir farge til høgtidene og opplevingane av årstidene.

Jula kjem fordi Jesus kjem. Bibeltekstane i adventstida fortel om ulike måtar han kjem til oss på. Og juleevangeliet fortel oss at han kom som eit menneske. Gud blei som ein av oss, født som eit spedbarn.

Første søndag i advent er det den vaksne Jesus som står i sentrum. Preiketeksta fortel oss at han er oppfyllinga av Det gamle testamentets profetiar om Messias. Det er han det handlar om, når profeten Sakarja fortel om kongen som kjem ridande på eit esel.

Andre søndag i advent handlar om både uro, forventning og tillit til Gud. Etter uro og redsle kjem den store gleda.

Tredje søndag i advent er vi tilbake til spørsmålet om den vaksne Jesus frå Nasaret verkeleg er den Messias som folk har venta på. Jesus svarar med å peike på kva som hender der han er: Blinde ser og lamme går, spedalske blir reine og døve høyrer. Kan de ikkje legge saman to og to?

Fjerde søndag i advent blir tileigna den ventande Maria. Det er ein samangeng mellom hennar forventing og forventinga som kjenneteiknar Guds folk. No kjem snart Kristi fødsel. menneska førebur seg på å ta imot det store bodskapet.

(Artikkelen er henta frå Den Norske kyrka sentralt)

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"