Babysong

Som ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja tilbyr vi babysong i heile Øygarden.

Foto: Bo Mathisen
Foto: Bo Mathisen

Babysong

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.

Kvifor er babysong viktig?

  • Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
  • Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
  • Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.

Blomvåg barnehage:

Eit samarbeid mellom Hjelme og Blomvåg sokn og Blomvåg barnehage. Samlingane er annankvar tysdag i barnehagen kl. 10-12. For meir informasjon følg med på facebook.

Fjell kyrkje:

Vibeke Supphellen frå Open barnehage avdeling Fjell, ynskjer velkomen til kjempekoseleg babysong i Fjell kyrkje. Sjølve songstunda startar 12.30 og varar ca. 45 minutt. Etterpå har vi satt av god tid til litt kaffikos og den gode samtalen.

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. Samlingane er opne for alle som er heime med baby, og det er inga påmelding. Sjå skjerikyrkja.no for datoar.

Landro kyrkje:

Maria Granum frå Open barnehage avdeling Landro, ynskjer velkomen til kjempekoseleg babysong i Landro kyrkje. Sjølve songstunda startar 12.30 og varar ca. 45 minutt. Etterpå har vi satt av god tid til litt kaffikos og den gode samtalen.

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. Samlingane er opne for alle som er heime med baby, og det er inga påmelding. Sjå skjerikyrkja.no for datoar.

Foldnes kyrkje:

Her skjer babysongen i regi av T-dagen, og blir leia av Elisabeth Møll Jung. På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.

Samlingane skjer i kyrkjekjellaren i Foldnes kyrkje annankvar fredag kl. 12-13. Sjå skjerikyrkja.no for datoar.

Velkomen til babysong!

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, onsdag og fredag
kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"