Hausten 2025 opna vi eit enkelt rom for bibellesing i lag, ettertanke og samvær, i Nore Neset kyrkje. No held vi fram i 2026, og kjem til å lese "Johannes-vegen" gjennom Bibelen. Det vert høgtlesing og alle er invitert til å ta med eigen Bibel. Om du ynskjer kan du ha med puter til å sita betre, eit handarbeid eller liknande.
Her kan ein høyre andre lesa, eller lesa sjølv, og ta del i ein stund som ganske enkelt handlar om å høyre frå tekstane i Bibelen. Her er det plass til deg, anten du er bevandra i Bibelen frå før, eller høyrer orda for fyrste gong!
Samlingane finn stad i Nore Neset kyrkje søndagar klokka 20.00.
Fram til påske 2026 har vi førebels sett opp følgjande datoar:
11. januar
1. februar
22. februar
15. mars
Vel møtt!
