Bli med på salmefest!

5. mars inviterer Os kyrkjelyd til Salmefest med "tru, trøkk og tango" i Nore Neset kyrkje. Vi treng mange songarar med for å lyfte taket - blir du med? Fyrste øving er 5. februar!

Publisert:

Biletet er frå kor-prosjekt i Os kyrkje i 2025 - men denne gongen skjer det i Nore Neset kyrkje! Foto: Sigurd R. Tunestveit
Biletet er frå kor-prosjekt i Os kyrkje i 2025 - men denne gongen skjer det i Nore Neset kyrkje! Foto: Sigurd R. Tunestveit

Glad i å synge? Torsdag 5. mars speler band og orgel opp til Salmefest med "tru, trøkk og tango" i Nore Neset kyrkje. Er du nysgjerrig og vil vera med, kan du òg bli med i koret og øve fram til denne kvelden!

Korprosjektet øver torsdagar frå 18-20 i Nore Neset kyrkje. Fyrste øving blir torsdag 5. februar!

På programmet blir ein kombinasjon av nokre fleirstemde korsongar, tilpassa dei som melder seg på, og ein del unisone salmar. Felles for dei er spennande rytmer og flotte arrangement. Dette blir ei musikalsk oppleving du ikkje vil angre på å ta del i!

Kantor Irina er med på orgel, og vi har med oss eit kompetent band. Dirigent Marius Dale Romslo leier koret.

Deltaking er gratis - du må berre koma deg over dørstokken og bli med!

 

Øvingane blir som fylgjer:

Torsdag 5.2 kl. 18–20 – øving

Torsdag 12.2 kl. 18–20 – øving

Torsdag 19.2 kl. 18–20 – øving

Torsdag 26.2 kl. 18–20 – øving

Sundag 1.3 kl. 9–12 – øving og song på gudstenesta

Torsdag 5.3 kl. 17.00 – øving og salmefest

 

Syng med!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"