«Opplev påska» er ei interaktiv påskevandring i kyrkjerommet. Vi startar i fellesskap der alle får høyre påskeforteljinga. Så deler vi borna i grupper som vandrar innom seks stasjonar, saman med ein gruppeleiar. Gruppeleiaren følgjer gruppa heile vegen. På stasjonane er det vaksne som formidlar og har ansvar for oppgåvene på stasjonen.
Tilrettelegging
Vi ynskjer å legge til rette for at Påskevandringa skal bli ei fin oppleving for ditt barn.
Gje oss difor beskjed i påmeldinga om barnet har behov for oppfølging og/eller tilrettelegging
(til dømes allergiar, sykdommar/medisinering eller anna som vi bør vite om).
Påmelding
Meld barnet på innan sundag 22. mars her
Velkomen til Påskevandring!
Hei, du som er fødd i 2021! Vi i kyrkja har lyst å invitere deg til Påskevandring i Os kyrkje, tysdag 24. mars klokka 17.00-18.15. Saman skal vi gå på ulike stasjonar i kyrkjerommet og lære meir om påska. Vi kallar denne vandringa for “opplev påska”.
Publisert:
