Fasteaksjonen 2026

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon «Håp i en dråpe vann» skjer 22.-24.mars over heile landet. Aksjonsdagen i Os er søndag 22.mars. Les meir om aksjonsdagen og korleis du kan bidra her!

Bilde: Kirkens Nødhjelp
Bilde: Kirkens Nødhjelp

Kva er fasteaksjonen? 

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er Noregs nest største innsamlingsaksjon som engasjerer rundt 40.000 frivillige bøsseberarar frå 1200 norske kyrkjelydar. Saman med kyrkjene i Noreg arbeider Kirkens Nødhjelp med akutt bistand i katastrofar og med langsiktige prosjekter for å redusere naud og fattigdom i verda.

Kva går pengane til? 

Nesten 800 millioner mennesker lever utan tilgang til reint vatn i verda i dag, på grunn av tørke, flom, jordskjelv eller krig. Under fasteaksjonen samlar vi inn pengar til dette livsviktige arbeidet. For 300 kroner gjev du eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet. 

I 2025 blei det samla inn totalt 36 millionar kroner.  I Os åleine, blei det samla inn heile 183.757 kroner – det gjer Os til den 7. beste kyrkjelyden i landet i 2025! 

Korleis kan du bidra? 

Søndag 22.mars går konfirmantar og frivillige frå dør til dør med bøsser – ta dei godt imot! Om du ikkje er heime når bøsseberarane kjem, kan du framleis bidra! Du kan bidra ved å gi til vår lokale, digitale innsamling på Spleis ( https://www.spleis.no/project/484724 ) eller ved å vippse eit bidrag til 2426. 

Aksjonsdagen i Os kyrkjelyd 

Aksjonsdagen i Os er søndag 22.mars. Vi startar dagen med gudsteneste i Os kyrkje kl.11:00. Deretter beveger vi oss bort til Tunet, kor det blir kyrkjekaffi og utdeling av bøsser. Det er hovudsakeleg konfirmantane som skal gå med bøsse, men alle som ønskjer er velkommen til å vere med! Ønskjer du å gå med bøsse, møter du berre opp i Tunet etter gudstenesta. Ønskjer du ei anna oppgåve på aksjonsdagen? Ta kontakt med Ine på im763@kyrkja.no. 

Alle i Os er hjarteleg velkomne til gudsteneste og kyrkjekaffi denne dagen! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"