Velkomen til Lars - vår nye sokneprest

Lars Hartig-Tangedal (52) blir vår nye sokneprest på Hareid når Leidulv Ø. Grimstad går av med pensjon i slutten av mai, og vil ha sin fyrste arbeidsdag på Hareid den 3. juni. Innsettingsgudstenesta blir på jonsok 23. juni kl 11.00 på Hareid bedehus, iom kyrkja skal renoverast. Ein vil også kunne bli betre kjent med Lars i ein programpost under «Opplev Hareid» den 19. juni kl 19.30 på Hareid bedehus, i regi av Hareid kyrkjeakademi.

Lars Hartig-Tangedal har sin fyste arbeidsdag på Hareid den 3. juni. Foto: Hareid sokn

Lars har budd i Skjærhalden i Hvaler kommune i Østfold, der han sist jobba som kyrkjeverje/dagleg leiar i Hvaler kyrkjelege fellesråd. Han har og lang fartstid som prest, då han var ferdig utdanna teolog i 1995 og har vore prest på Hitra, i Øvre Eiker og i Onsøy i Fredrikstad. Lars gifta seg i vår med Ulrike Hartig-Tangedal og dei har no kjøpt seg hus på Hareid og flytter hit i løpet av sommaren.

Møre bispedømeråd vedtok 8. februar å tilby stillinga til Lars Hartig-Tangedal. Møre bispedømeråd hadde 3 kandidatar å velje mellom til denne stillinga, noko som er sjeldan sidan prestemangelen for tida er stor rundt i landet.

Vi gler oss veldig til å ta i mot den nye soknepresten på Hareid, og ønskjer ekteparet Hartig-Tangedal hjarteleg velkomen til vår kyrkje og kyrkjelyd.

Les Vikebladet sitt intervju med Lars tidlegare i år: https://www.vikebladet.no/nyhende/2019/02/16/Nyepresten-kjem-til-Hareid-som-nygift-18481694.ece?rs18631557744785318&t=1

 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"