Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmantførebuinga får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

I Hareid kyrkje har vi konfirmasjon laurdag og søndag andre helga i mai. Påmeldinga til konfirmasjon skjer på våren året før, som regel i juni før sommarferien startar.

Vi har eit variert konfirmantopplegg, med undervisning i grupper, felles førebuing til gudstenester, leir osv. Konfirmantane er i tillegg med på heimegrupper, fasteaksjon, lysmesse og andre gudstenester.

Artikkelsnarveger