Bryllaup i kyrkja

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.

Inngåing av ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Med vitne gir paret kvarandre løfte om at dei vil leve saman resten av livet. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup kan vere enkelt eller påkosta. Paret kan vere unge eller godt vaksne, kvinne og mann, eller to av same kjønn. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ønskjer dette.

Kirkemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi, som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par. Den norske kyrkja har etter dette to liturgiar for inngåing av ekteskap. Liturgien frå 2003 gjeld framleis kun for ulikekjønna par. Paret som skal vigslast kan feire dagen med familie, slekt og vennar. Dei kan seie ja til kvarandre med berre prest og forlovarar tilstades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja legg ein livet fram for Gud med bøn om velsigning. Alle par som er borgarleg vigsla er velkomen til kyrkja for å be om forbøn for samlivet. For dette har kyrkja eige liturgi.