Det er alltid ein del å gjere i ein hage etter vinteren, og slik er det også på kyrkjegarden. Alle ynskjer at der skal vere velstelt og ryddig, slik at det er godt å kome dit. Når det nærmar seg konfirmasjon og 17. mai, er det ekstra kjekt at kvistar og gammalt lauv er fjerna, og kyrkjegarden er gjort klar for sommaren.
Vel møtt laurdag 27. april frå klokka 10.00 og utover dagen, for å gjere ein dugnadsinnsats. Ta gjerne med deg hanskar, rive og trillebåre - og gjerne ein ven eller to. Saman blir det kjekt og arbeidet går raskare unna. Det blir både kaffipause, prat og ein matbit.