Fastetida kan bestå i å avstå frå mat og andre ting, men hovudfokus er å ha merksemd på Gud. Ein kan knyte bibellesinga saman med bøn, Fadervår og stille. Fastetida i år er mellom 14. februar og 25. mars.
Hareid kyrkje har hatt samlingar kvar onsdag i fastetida, i tillegg til vanlige gudstenester. Innhaldet har vore variert, og vi vonar her har vore noko for ein kvar smak.
No står siste onsdagssamling i fastetida for tur, før påskeprogrammet
Alle er hjarteleg velkomne!