Ny sokneprest på Hareid

Lars Hartig-Tangedal (52) blir den nye soknepresten på Hareid. Dette blei klart fredag 8. februar etter at Møre bispedømeråd vedtok å tilby stillinga til Lars Hartig-Tangedal. Møre bispedømeråd hadde 3 kandidatar å velje mellom til denne stillinga, noko som er sjeldan sidan prestemangelen for tida er stor rundt i landet. Vi gler oss veldig til å ta i mot den nye soknepresten på Hareid, når den tid kjem. Dette blir mest truleg i begynnelsen av juni 2019.

Lars Hartig-Tangedal besøkte Hareid i november, og blei vist rundt i kyrkja og elles i kommunen. Foto: Hareid sokn

Lars bur i Skjærhalden i Hvaler kommune i Østfold og jobbar som kyrkjeverje/dagleg leiar i Hvaler kyrkjelege fellesråd. Han har og lang fartstid som prest, då han var ferdig utdanna teolog i 1995 og har vore prest på Hitra, i Øvre Eiker og i Onsøy i Fredrikstad.

Det var tre søkjarar til soknepreststillinga på Hareid.
Tre søkjarar: https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/nyhende/ny-sokneprest/

Noverande sokneprest, Leidulv Ø. Grimstad, blir i stillinga til han går av med pensjon til sommaren, og planen er at den nye soknepresten skal begynne i stillinga i løpet av juni 2019.
Kyrkjelyden og Hareid sokn ser fram til å ta imot den nye soknepresten.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"