Dele? Har vi noko å dele?

MISJON: Denne veka har vi fokus på kva vi kan dele med andre. Born, ungdom og vaksne vil kome i kontakt med dette tema gjennom arrangementa i Hareid sokn.

Hareid sokn har forplikta seg til å støtte arbeidet med minimum kr.40.000,- kvar år. Mange barn og unge har fått kle, mat og muligheit for utdanning av det vi samlar inn frå Hareid.

Med fokus på misjon
Komande veke er det misjon som er i fokus for mange av aktivitetane våre. Både konfirmantane og 10-åringane har misjon som tema, og 10-åringane skal endatil vere med å lage gevinstar til søndagen. Det er mykje vi kan snakke om når tema er misjon; urettferd, oppdrag, dele, nåde, varme, kulde, svolt, u-land, givarglede, reise, misjonærar, overtramp osv. Lista kan bli lang. Hovudfokus er at Jesus gav oppdraget til alle. GÅ og fortel. Døyp dei og lær dei. Det er nettopp det oppdraget vi ynskjer å ta på alvor. Av alt det andre Jesus sa og gjorde som vi kan lese om i Bibelen, ser vi at å dele av dei godene vi har med folk som lid nød også var i fokus.

Eit viktig samfunnsansvar
Gjennom misjonsorganisasjonar har kyrkja i Norge vore med å bygge opp samfunnet i mange land. I Hareid kyrkje har vi no særskilt fokus på barn og unge i Thailand. Vi har forplikta oss til å støtte dette arbeidet med min.kr.40.000,- kvar år. Det gjer vi med glans! Mange barn og unge har fått kle, mat og muligheit for utdanning av det vi samlar inn frå Hareid.

10-åringane, barnekantoriet og konfirmantane vert oppmoda om å pante flasker denne veka og kome med pantepengane i gudstenesta søndag. Då er det nemleg Barnas Misjonsdag i kyrkja. Barnekantoriet vil ta del med song og tonane til nokre av salmane kjem frå land det har vore misjonsarbeid i mange år.

Slik kan vi dele med kvarandre, og det er det misjon mest av alt handlar om: Etter Jesu oppdrag å vise omsorg for kvarandre.

Middag og misjon på bedehuset etter gudstenesta 18/11
Etter gudstenesta søndag inviterer vi til MIDDAG OG MISJON på Hareid bedehus. Det vert sal av brennsnut, kaffi og kaker. (10-åringane og barnekantoriet får gratis middag) Det vert også sal av årar, med mange fine gevinstar. Det er misjonsutvalet som er ansvarleg for dette arrangementet.

Laurdag 17/11 har misjonsforeningane i Hareid basar på bedehuset på ettermiddagen.

Misjonsavtalen Hareid sokn
Soknet samarbeidar med NMS der kyrkjelyden bidrar med å samle inn pengar og støtte prosjektet "Barn og utdanning" i Thailand. Hareid sokn har valt å forlenge denne avtalen med fire nye år, der vi har forplikta oss til å støtte dette arbeidet med minimum kr.40.000,- kvar år. Bli med å dele og å gi!

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"