Misjon i fokus

Gjennom misjonsorganisasjonar har kyrkja i Norge vore med å bygge opp samfunnet i mange land. I Hareid kyrkje har vi no særskilt fokus på barn og unge i Thailand. Vi har forplikta oss til å støtte dette arbeidet med minimum kr.40.000,- kvart år. Mange barn og unge har fått kle, mat og muligheit for utdanning av det vi samlar inn frå Hareid.

Etter gudstenesta søndag 18/11 inviterer vi til MIDDAG OG MISJON på Hareid bedehus.

Denne veka er det misjon som er i fokus for mange av aktivitetane våre. Både konfirmantane og 10-åringane har misjon som tema, og 10-åringane skal endatil vere med å lage gevinstar til søndagen 18/11. Det er mykje vi kan snakke om når tema er misjon; urettferd, oppdrag, dele, nåde, varme, kulde, svolt, u-land, givarglede, reise, misjonærar, overtramp osv. Lista kan bli lang. Hovudfokus er at Jesus gav oppdraget til alle. GÅ og fortel. Døyp dei og lær dei. Det er nettopp det oppdraget vi ynskjer å ta på alvor. Av alt det andre Jesus sa og gjorde som vi kan lese om i Bibelen, ser vi at å dele av dei godene vi har med folk som lid nød også var i fokus.

Barnas Misjonsdag i kyrkja 18/11
10-åringane, barnekantoriet og konfirmantane vert oppmoda om å pante flasker denne veka og kome med pantepengane i gudstenesta søndag 18/11. Då er det nemleg Barnas Misjonsdag i kyrkja. Barnekantoriet vil ta del med song og tonane til nokre av salmane kjem frå land det har vore misjonsarbeid i mange år.
Slik kan vi dele med kvarandre, og det er det misjon mest av alt handlar om: Etter Jesu oppdrag å vise omsorg for kvarandre.

Middag & Misjon etter gudstenesta 18/11
Etter gudstenesta inviterer vi til MIDDAG OG MISJON på Hareid bedehus. Det vert sal av brennsnut, kaffi og kaker. (10-åringane og barnekantoriet får gratis middag) Det vert også sal av årar, med mange fine gevinstar.

Misjonsutvalet i Hareid sokn:
Det er misjonsutvalet i Hareid sokn som er ansvarleg for dette arrangementet. Utvalet har hovudansvaret for å drive fram arbeidet med kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.

Misjonsutvalet: Odd Lykstad, Petra Bakkely, Jahn Kjell Fjørtoft, Kjersti Røyset Topphol (leiar)

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"