Stilling ledig som barne- og ungdomsarbeidar

Vil du vere med å drive prisbelønt barne- og ungdomsarbeid? Send søknad og les meir om stillinga her.

Stilling ledig som barne- og ungdomsarbeidar

Hareid KFUK-KFUM er tilknytta Norges KFUK-KFUM og driv sitt arbeid gjennom Hareid Ten Sing, Tweensklubben, SportY, Forbundsringen/KFUK-grupper, matsal på Holesanden m.m. Hareid KFUK-KFUM står også ansvarleg for ulike arrangement gjennom året som jonsokfeiring, julefest, 17.mai feiring, søndasgope på Holesanden osv. Mykje av arbeidet skjer i nært samarbeid med Hareid kyrkjelyd.

BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR 50% STILLING

Hareid KFUK-KFUM og Hareid sokn søkjer barne -og  ungdomsarbeidar primært til arbeidet i Tweensklubben (6.+7.klasse), Ten Sing (frå 8.klasse) og SportY. Aktivitetane har med mange flotte og aktive ungdomar, og søkjarane må trivast med å arbeide som vaksenleiar mellom desse. Stillinga  kan gjerast  fleksibel både når det gjeld type arbeidsoppgåver og arbeidstid (formiddag, ettermiddag, kveld, helg), avhengig av personlege eigenskapar og tenestebehovet i laget og kyrkjelyden. Den tilsette vil få kontorplass på kyrkjekontoret og vere ein naturleg del av staben der.

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til å ”sjå den enkelte” (med bakgrunn i KFUK-KFUM sitt slagord: «Ver deg sjølv! Stå opp for andre!»)
  • Evne til å kunne fremje god struktur i barne- og ungdomsarbeidet
  • Kunne gi støtte til det åndelege og musikalske arbeidet i laget. Spesielt treng vi ein musikalsk støttespelar for Ten Sing
  • Vere fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver

Stillinga er finansiert gjennom innsamla midlar og vil difor ha eit årleg perspektiv  (prosjektstilling). Stillinga kan til ei viss grad tilpassast personlege kvalifikasjonar, og også delast opp dersom det skulle vere aktuelt.

Den som har stillinga må vere fylt 18 år, og kunne identifisere seg med KFUK-KFUM og kyrkjelyden sine verdiar, og delta aktivt i dette arbeidet. Kyrkjeverga vil ha arbeidsgiveransvar for den tilsette.  

Søknadsfrist: 1.august 2017

Interesserte kan få fleire opplysningar frå Eldrid Gryt tlf 413 12 141, eller sende søknad med CV til eldrid.gryt@gmail.com

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"