Etter konserten vil vi ha trekning av loddbøkene vi har seldt. Der er mange flotte gevinstar, det vil sjølvsagt bli anledning til å kjøpe lodd for dei som enno ikkje har fått gjordt det!
Dei vaksne betaler inngangsbillett, og borna går gratis. Iløpet av konserten blir det også servert mat: mykje gode kaker, sveler, vafler mm.
Hareid kyrkjelyd har ein misjonsavtale med Det Norske Misjonssselskapet om å støtte eit prosjekt i Thailand. Dette er eit prosjekt som hjelper fattige born og unge til å få eit betre liv. Vi sender pengar slik at NMS kan drive både barneheim, skular og hjelp til heimane. Ein del av inntektene på konserten vil gå til dette prosjektet!
Så håper vi mange tek turen til Hjørungavåg denne laurdagen! Vi skal ha konsertlokale og mat klare til innrykk.
Velkomne!