Det er ein veldig fin flokk ungdomar som no har fullført 9 månadar med undervisning. Vi har saman lært om sakramenta, boda, den treeinige Gud, misjon, evig liv, for å nemne noko. Dette har vi gjort gjennom gruppeundervisning, leir, gudstenester og anna samvær. Dei har ulike svar på kva dei vil huske best etter dette året, men mange nemner leir som eit høgdepunkt. Kjekt er det også å lese i svara til konfirmantane at dei kjenner seg heime i kyrkja, og at året har utvikla trua for mange av dei.
Vi ynskjer til lukke med dei siste førebuingane til den store dagen og gratulerer så mykje til både konfirmantar og familiene deira!
PS: Nedanfor finn du navneliste over konfirmantane og kva dag og tidspunkt dei skal konfirmerast.