Til kjærleik Gud oss skapte

Oktober var prega av «Mindre aleine saman» og TV aksjonen til Kirkens Bymisjon som sette fokus på eit varmare og meir inkluderande samfunn, for alle. I Hareid kyrkje ynskjer vi at også november skal vere prega av dette. I våre samlingar og gudstenester vil vi snakke og synge om konsekvensane av kjærleiken. Guds kjærleik. Han som elskar oss uansett, i storm og stille, gjennom tvil og tru, i sorg og glede. Han elskar oss, derfor er vi og skuldige å elske kvarandre, står det skrive i boka som er utgangspunkt for vår tru og lære.

Til kjærleik Gud oss skapte

Ser vi spora av kjærleiken mellom oss? Eller må vi leite etter dei? Kanskje kan aktivitetane i Hareid kyrkje i november hjelpe oss til å gjere dette tydeligare for oss alle, før vi går inn mot advent og julehøgtida som har vore den største kjærleikshøgtida av alle.

Spor av kjærleik i november 
November startar med Helgemesse og minna om alle dei som har gått føre oss, vi minnast i kjærleik dei vi var glade i som ikkje lenger er levande på jorda mellom oss (laurdag 2. november kl 16.00).
Tradisjonen tru held Hjørungavåg Brass "Stille konsert" (søndag 4. november kl 19.00). Dette blir ein lun og stemningsfull konsert som vi kan varme oss på.

Både konfirmantar og 10 åringar har utover november misjon og diakoni som tema. Dette kan vi også kalle spor av kjærleik. Vi omsett i handling det vi har fått høyrt og sett, og kan ikkje anna enn dele med vår neste. Misjonsprosjektet Hareid kyrkje støttar i Thailand handlar om å gi born og unge ei betre framtid. Gjennom arbeidet i dagheimar, barnehagar og skule i slummen i Bangkok får borna møte Guds kjærleik frå aktive vaksne. På taket til dagheimen i slummen står det «Der det er omsorg og kjærleik, der er Gud»

Hareid kyrkjeakademi inviterer til temakveld i kyrkja med Marit Kaldhol (13. november kl 19.30) der overskrifta er «Viss det ikkje var for kjærleiken» Ho vil bruke Leonard Cohen sitt liv og tekster som utgangspunkt.

Ser vi spora av kjærleiken mellom oss? Eller må vi leite etter dei? Kanskje kan aktiviteten i november hjelpe oss til å gjere dette tydeligare for oss alle, før vi går inn mot advent og julehøgtida som har vore den største kjærleikshøgtida av alle. I samfunnet i dag er det kanskje ikkje slik lenger. Mange born og vaksne grur seg til denne høgtida grunna vanskelege familiesituasjonar og økonomi. Vårt håp er at vi som kyrkje kan vere med å sette spor av kjærleiken for alle og halde fram dei viktige verdiane som bind samfunnet saman.

Link til haustprogram i Hareid kyrkje: https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/nyhende/haustprogram-i-hareid-kyrkje-2018/

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"