Advent og julefeiring i kyrkja - sjå program

Advent er ei tid for førebuing og ei "opptrappingstid" til jul. Ei forventing til den store gleda for alt folket, at vår Frelsar vart fødd i Davids by, Betlehem. I Hareid kyrkje vert det mange samlingar for både små og store. Gudstenester, konsertar, syng og spele jula inn med meir. Velkomen til advent- og julefesten!

Advent er ei tid for førebuing og ei "opptrappingstid" til jul.

Sjå heile programmet for advent og julefeiring i Hareid kyrkje, i linken nederst på denne sida.

GUDSTENESTER I DESEMBER:
02. kl 11.00: Speidargudsteneste
09. kl 19.00: Lysmesse kl 1900
16. kl 11.00: Gudsteneste på Hadartun
14. kl.10.30: Gudsteneste for barnehageborn
19. kl.08.30 & kl.10.00: Gudstenste skulane Hjørungavåg & Bigset, Hareid & Brandal
20. kl 09.00: Gudstenester for ungdomsskulen i Hareid
24. kl.12.00: Andakt på Hadartun. 
24. kl 14.30: Julaftangudsteneste
24. kl 16.00: Julaftangudsteneste
25. kl 11.00: Høgtidsgudsteneste 
31. kl 21.00: Gudsteneste nyttårsaftan

KONSERTAR MED MEIR I DESEMBER:
08. kl 18.00 og 21.00: Konsert med CorSonus
12. kl.18.30: Musikk og kulturskulen inviterer til konsert
                    + avduking kulturminneskilta v/kyrkja
16. kl 16 & 18: Vi syng og spelar jula inn. Andakt
19. kl 18.00: Julekonsert med Fjøresteinane
21. kl 21.00: «Min favoritt» julekonsert med solistar og band
30. kl 16.00: Familiejulefest Hareid bedehus, andakt, leik, sang og gang kring treet


Å vente er jammen ikkje lett! For dei aller fleste er dagane og vekene vi går inn i, fylt med forventning og glede. For andre er det angst og usikkerheit som rår. Tida før jul romar så mange ulike kjensler, alt etter kvar vi er i livet og korleis livet har handtert oss og vi har handtert livet.

Advent- ventetida før jula med alt sitt mysterium kjem til oss. Korleis vi som mennesker forheld oss til denne tida har nok endra seg med åra, og det kan sjå ut til at færre og færre mennesker greier denne ventetida, men føregrip hendingane både med juletre, pynting og store gåver i pakkekalendaren

Fargen i advent er lilla - jula er raud og kvit
I kyrkjeåret er fargen i advent lilla. Vi brukar seie til borna at lilla er tenkefargen i kyrkja. Vi tenkjer, førebur, ventar på-fastetida-botstida-advent har alle lilla som temafarge. Når jula kjem skiftar vi til raud og kvit, fargar for høgtid og glede.

Når advent startar heng vi opp stjerna i kyrkja
Stjerna som viser veg, og som minner oss om vegen til Betlehem. Det var ein lang veg å gå for Maria og Josef, ikkje gjort på ei dagsreis. Dei venta på barnet som skulle kome også, og måtte bruke den nødvendige tid. Vi heng opp adventskransen med 4 lilla lys og tenner eit for kvar søndag.

Juletreet i kyrkja
Når det nermar seg jula kjem juletreet på plass med all sin glitter og stas, men ikkje før dei to siste helgane i advent. Då er jula nær og for at alle borna som er innom kyrkja dei to siste vekene skal få glede av det, vert det pynta så tidleg.

Advent handlar om å gjer seg klar. Rydd veg for Herrens kome, syng vi i ein adventssalme. Kanskje har vi litt vi skulle ha rydda inni oss nokon og ein kvar, slik at det vert plass til å ta imot Han når han kjem til oss som barnet i krybba. Og kanskje skal vi tenke på å rydde plass til kvarandre, framfor å rydde på plass alle tinga vi omgir oss med?

God advent!
Kom gjerne innom kyrkja på dei ulike arrangementa vi tilbyr.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"