«Himmel over bygda» - historiebok om kyrkje og kristenliv i Hareid
Til Hareidsstemne i oktober 2023 vil det kome ut ei bok som heiter «Himmel over bygda», ei historiebok om kyrkje og kristenliv i Hareid. Forfattar er Asle Geir Widnes Johansen, Hareid historielag er utgjevar av boka, og Finn Sindre Eliassen er ansvarleg redaktør. Med i redaksjonsnemnda er også Jon Kåre Mork frå Hareid historielag, sokneprest Lars Hartig-Tangedal, kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, pensjonert sokneprest Leidulv Ø. Grimstad og Magne Grimstad jr. frå Osberget. . Om 4 år er Hareid kyrkje 150 år. Om 10 år er også det som skjer i dag – historie. Å ta vare på historia vår er viktig og vi er takksam for at Hareid historielag har påtatt seg dette viktige oppdraget med boka.
Hareid kyrkje og prestestova sommaren 2023. Foto: Hareid sokn
100 års-jubileumshefte frå 1977 Som eit forteppe til historieboka, kan vi i Hareid kyrkje sitt hefte frå 100-jubileumsåret i 1977 "Hareid kyrkje gjennom 100 år" v/Peder Måseide, lese mellom anna følgande historikk frå kyrkja. Dei høgtidlege handlingane dåp, konfirmasjon, vigsle og nattverd går oftast føre seg i kyrkjekoret. Altarbordet er dekt med ein kvit duk. Av slike har vi hatt fleire. Ein av dei er laga av Marie Bigset etter at ho var over 80 år. Motiva var rose og kross. Hareid husmorlag har sauma ein kopi av den gamle duken som Johan Haddal teikna.
Av altersølvet har vi framleis kalken og disken frå kring 1660. Det heiter at Lars Liaset berga altersølvet ut frå den førre kyrkja under brannen i 1806. I 1950 kjøpte dei inn ein ny kalk i same mønster som den gamle, men lettare i bruk. Heilt fram til 1931 drakk alle nattverdsgjestane av same kalken. Av sanitære grunnar gjekk då sanitetslaga i kommunen inn for å skaffe særkalkar. Hareid husmorlag har gitt mange gåver til kyrkja: Blomstervasar til altaret, dåpsvasskanne og dåpsfat i sølv, 2 altardukar, raudt tøy til altaret, brudeløpar, 1/4 av konfirmantkappene, 2 stolar til bruk ved brudevigsler. Desse stolane er av eik og arbeidde ved Ulstein Møbel og Trevarefabrikk (O. Seljeset). Arthur Kihle, Leikong sto for treskurden. Sæte og ryggar er trekte med selskinn, lakkert i ein farge som står til stolfargen. Selskinnet er ei gåve frå ekteparet Anna og Johannes H. Brandal, Hareid. I mange år sytte husmorlaget dessutan for blomar på altaret under gudstenestane.
Lensmann Elias Amundsson Brandal gav eit døypefat til kyrkjevigsla i 1920. Fatet er av kopar. Ei tid var det overmåla med grønfarge, og ute på kanten stor det med gule bokstavar: "Lader de små børn komme til mig". No er målinga teken bort, og på botnen kom det farm eit rosemotiv. Døypefonten skal vere laga av Isak Hareide i 1871. To sjuarma smijernlysestakar vert nytta ved brudevigsle, gravferd og andre høgtider. Inne i alterringen ligg eit fint teppe med blå botn og med grå krossmotiv. Dette er ei gåve frå fru Rut Brandal Christiansen. Meister for glasmålarstykka er Jørgen Skaare. Motiva er: "Det er Herren" og "Herre frels meg". Reiarar og handelsmenn i Hareid kommune stod bak denne gåva. Sjølve handverket er gjort av O. Ellingsen & Sønn W. Nygaard i 1951.
Del
Lenken er kopiert til utklippstavlen din!
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert