Nytilsett vaksenleiar i Hareid Ten Sing

Hareid KFUK-KFUM har tilsett Guro Topphol som ny vaksenleiar i Hareid Ten Sing. Guro er frå Hareid, 22 år gamal, og student ved Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare både sunge, dirigert og vore vaksenleiar i Hareid Ten Sing.

Guro Topphol (22) frå Hareid, er tilsett som ny vaksenleiar i Hareid Ten Sing. Har du lyst til å bli med, møt opp tysdag 28. august på bedehuset, då er det første øving etter sommarferien. Velkomen til gamle og nye, og spesielt til dei som akkurat har begynt i 8. klasse!

Guro sat i krinsstyret i Møre og Romsdal krins eit år og ho har også delteke i eitåringsprosjektet Ten Sing Norway. Ho er også aktiv i Norges KFUK-KFUM i høve ulike arrangement.Guro tek til i stillinga no i august. Vi gleder oss over at ho har takka ja til å leie dette viktige arbeidet!

Oppstart etter sommarferien
21. august har Guro første møte med styret for å planlegge hausten, og tysdag 28. august er det klart for første øving med koret, då håper vi at mange møter opp.
Vi ønskjer velkomen til alle ungdommane, og spesielt til dei som akkurat har begynt i 8. klasse. Øvingane er på Hareid bedehus. Kom å bli med!

Dette er Ten Sing
Ten Sing er ei gruppe med ungdomar i regi av KFUK-KFUM, i eit flott fellesskap med andre ungdomar, der ein møtast for å synge, spele i band, danse, og blir kjent med andre ungdomar, vere kreativ saman og ta del på ulike arrangement gjennom året.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"