Elvis-messe i Hareid kyrkje

Onsdag 31. oktober, er det klart for ei gudsteneste litt utanom det vanlege i Hareid kyrkje. Saman med Kjell «Elvis» har vi sett saman ei enkel gudsteneste, men i staden for salmar, brukar vi songar som Elvis Presley har sunge. Av dei mest kjende kan nemnast "You gave me a mountain" og "American Triology".

Kjell Elvis jobbar som fulltids profesjonell Elvis-imitator, den einaste i Skandinavia. Han er mellom anna blitt kåra til Europas beste og fikk ein tredjeplass i verdensmesterskapet blant Elvis-imitatorer.

Kjell «Elvis» Henning Bjørnestad er vel den mest kjente Elvis-songaren i Noreg. Med Elvis Presley sine songar, og i samarbeid med Kjell «Elvis» Henning Bjørnestad og sokneprest Leidulv Grimstad, vert no desse songane presentert i gudstenesteform.

Kjell «Elvis» Henning Bjørnestad  er født 12. mars i 1968, og har teke namnet Kjell Elvis. Han er den einast fulltids profesjonelle Elvis-imitatoren i Skandinavia.  Bjørnestad er født i Farsund, vakse opp i Vanse, og bur no i Lyngdal. Han har gjennomgått plastiske operasjonar i forsøk på å bli meir lik Elvis.  Han blei kåret til Europa sin beste Elvis-imitator i ei konkurranse i 2006 og fekk tredjeplass i verdensmesterskapet for Elvis-imitatorer i 2007.

Dette må du få med deg!
Kollekt v/utgangen.
Vel møtt!

 

Elvis Aaron Presley 8. januar 1935 - 16. august 1977 Med tilnavnet «King of rock and roll», eller berre «The King», vert Elvis sett på som verdas første superstjerne. Med nærare 2 mrd solgte plater er han kanskje verdas mestselgande artist.

Elvis fortalde at han i barndomen sneik seg inn i dei svarte kyrkjene for å høyre gospelmusikken der. Gospel og salmar var viktig for Elvis gjennom heile livet. Innspelingane av gamle og nye salmar gjorde at han kommuniserte med mange generasjonar, sjølv om han også provoserte mange. Elvis vart også populær på tvers av hudfarge, og vart engasjert i den gryande "Civil rights movement" for dei svarte sine rettar i USA.

Då han vart kalla "The King", skal han ein gong ha sagt: "I´m not the King. Jesus is the King. I´m just an entertainer". Til trass for enorm suksess og eit vanskeleg kjærleiksliv, hadde han ei audmjuk haldning til familien, til livet og til Gud. Han formidla at nøkkelen til lukke var å vere takksam, og ikkje berre å søkje etter suksess.

Men suksessen hadde sin pris. Med si store utstråling, ville alle ein bit av han som artist og skodespelar. Som følge av stort arbeidspress og eit aukande forbruk av medikament, vart han berre timar før ein stor turné funnen død i heimen sin Grazeland 16. august 1977.

Etter sin død, vaks populariteten hans endå meir til ein ikon-liknande staus, og har halde seg heilt til i dag.

 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"