Det er alltid ein del å gjere i ein hage etter vinteren, og slik er det også på kyrkjegarden.
Alle ynskjer at der skal vere velstelt og ryddig, slik at det er godt å kome dit. Når det nærmar konfirmasjon og 17.mai, er det ekstra kjekt at kvistar og gammalt lauv er fjerna, og kyrkjegarden er gjort klar for sommaren.
Vel møtt laurdag 28. april frå klokka 10.00 og utover for å gjere ein dugnadsinnsats. Ta gjerne med deg hanskar, rive og trillebåre - og gjerne ein ven eller to. Saman blir det kjekt og arbeidet går raskare unna. Sosialt er det også, og det blir både kaffipause, prat og ein matbit. Vi blir glad om du kjem og blir med!