Velkomen på årsmøte 24. mars - kyrkja inn i framtida!

Etter gudstenesta 24. mars, inviterer vi til årsmøte for Hareid sokn på Hareid bedehus. Her kan du innta dagens middag, samt kaffi og kaker. Det blir presentasjon av årsmeldinga samt eiga sak om renoveringsarbeidet som skal skje i kyrkja til sommaren og dei konsekvensar det får, samt andre orienteringar v/kyrkjeverja. Vel møtt til ei hyggeleg stund!

Hareid barnekantori er ein del av aktivitetane i soknet. Dei er ein aktiv gjeng, med jenter og gutar frå 3. klasse og oppover. På øvingane lærer dei å bruke songstemma si, både som korist og solist, gjennom synging og leiking. Dirigentar: Sissel Rise og Ida Teige (kantor)

Årsmøte og dialog med kyrkjelyden
Ordninga med årsmøte/kyrkjelydsmøte har eksistert heilt sidan 1873, altså godt over eit halvt hundreår før vi fekk sokneråd. Føremålet er at ein samla kyrkjelyd, gjennom eit allmøte skal kunne uttale seg om viktige saker.

Kvart år, dei siste åra i mars månad, har det vore årsmøte i Hareid sokn. Hovudsak på møtet har vore soknerådets årsmelding og rekneskap for førre år, som vert presentert for årsmøtet til orientering.

Her finn dykk årsmelding 2018 for Hareid sokn, side 2 inneheld årsmøtesaker:
https://kyrkja.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/arsmote/arsmelding-hareid-sokn-2018.pdf

Alle er hjarteleg velkomne!

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"