Avtalen ser slik ut:
AVTALE OM GRAVSTELL PÅ HAREID KYRKJEGARD
Vinter/vår:
Seinast til 17.mai vert det planta stemorsblomster på grava.
I løpet av juni byter ein ut stemor med sommarblomster som krysantemum, begonia e.l.
I tida frå det vert planta for sommaren og til ut i september, vert grava vatna og luka etter behov. Dette gjeld også rundt kantane på grava.
Haust/jul:
I løpet av oktober vert det planta haustlyng på grava.
I løpet av desember vert visna plantar og rusk fjerna frå grava, og ein enkel mosekrans med litt naturpynt vert lagt på.
I løpet av februar/mars vert kransen teken bort, hengt til tørk og stelt til neste gong.
Etableringskostnad for nye avtalar kr. 375,-
- årleg administrasjonsgebyr kr. 200,-
- gravstell på årsbasis kr. 650,-
- planter på årsbasis kr. 350,-
Avtalen fornyast automatisk for kvart år, men kan seiast opp utan forvarsel ved motteken tilbod for eit nytt år som vert sendt ut i februar/mars.
Avtaleskjema under kan fyllast ut og sendast til kyrkjekontoret gjennom heile året.