Stilling ledig

 

 

 Kyrkjelydspedagog/ Trusopplærar

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har frå 01.08.2018 ledig 50 % stilling som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar.

Bremangerkommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med i underkant 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no. Informasjon om kyrkja finn du på www.bremangerkyrkja.no.

Kyrkjelydspedagog/ Trusopplærar

50 % stilling som Kyrkjelydspedagog/ Trusopplærar skal delast mellom ytre Bremanger og Rugsund, Davik og Ålfoten sokn.

 Kyrkja i Bremanger ønskjer å formidle EIN LEVANDE GUD og vere ei levande kyrkje for folket i Bremanger. Vi har mange flotte ulønna og lønna medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats innan søndagsskular, barnekor og anna barne- og ungdomsarbeid.

Vi ønskjer å tilsette ein person som saman med sokneråda, dei andre tilsette og frivillige, kan vere med å løfte det kyrkjelege arbeidet fram, slik at vi kan femne bredt med våre tilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • Saman med dei andre trusopplærarane, ha fokus på dei kontinuerlige tiltaka og trusopplæringa i Bremanger.

Kyrkjelydspedagogen/ trusopplæraren vil inngå i teamarbeid med dei andre tilsette og ha påverknad i utforminga av stillinga.

Ønska kvalifikasjonar

  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at ein liker å arbeide med born og unge.
  • Høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom. 
  • Anna høgare utdanning kan og vere relevant. 
  • Du må vere sjølvstendig i ditt arbeid og ha evne til samarbeid. 
  • God til å formidle gjennom ulike metodar, t.d. musikk, dans, idrett, friluftsliv, drama og forteljing.

Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar kan og vere aktuelle for stillinga. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest). Du må disponere bil.

Kyrkjekontoret i Kalvåg er utgangspunktet for kyrkjelydspedagogen sitt arbeid.

Mulighet for større stilling på sikt. 

 

For stillinga gjeld:

Løn etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.

Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson på tlf. 91706595 el.95229770.

Søknad med CV og rettkjende vitnemål og attestar må sendast til: Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller e-post: barki.hrafnsson@bremanger.kommune.no, innan 16.07. 2018.

Kyrkjeverje

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"