Gravstellsavtalen er ei avtale for eit år av gongen. Årleg fakturering skjer i februar/mars for inneverande år. Avtalen gjeld ein grunnpakke som inneheld stikking av kantar, omspading av bed før utplanting, påfylling av jord, gjødsling, luking, vanning og rydding om hausten.
Prisar for 2024
Heilårs stellavtale til kr. 2300,- per år
* Påskeliljer
* Vårplanting
* Sommerplanting
* Høstlyng
* Vinterdekking m/edelgran
* Mosekrans
Enkel stellavtale til kr. 1772,- per år
* Vårplanting
* Sommerplanting
* Vinterdekke
Ta kontakt med kyrkjekontoret for å gjera avtale eller last ned kontrakt i lenka under og send på epost til post.bjornafjorden@kyrkja.no eller i posten til Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd,
Postboks 209 ,5202 Os.