Denne søndagen vert ein spesiell søndagsåpent, med prestevigsling. Biskopen kjem, kjem du?
Dagen vert fylt av mykje god song og musikk: Koret Felix Vocalis vil synge, og vi har med flinke forsongarar og musikarar, både barn og vaksne!
Løva kjem, og barna kan bli med på Løvegjengen, ei samling for dei minste under gudstenesta.
Vi skal feire nattverd saman, med bønevandring under nattverden.
Tekstar for dagen kan du finne i lenka under, og takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.
Etter gudstenensta er alle invitert til å bli med på fest på Nordhordland Folkehøgskule! Det blir servering av betasuppe og stort kakebord, kjekt program med utlodding mm. Inngang kr 100,- (Barn frå 5 år kr 50,-, maks pr fam. 300,-)
Velkommen til ei flott hending i kyrkjelyden!
