Musikalsk skattejakt i Liabygda kyrkje

Onsdag 7.juli kl.20.00 tek Rune Johnsen Klevberg og Kjartan Lied oss med på ei musikalsk skattejakt i Liabygda kyrkje.

Liabygda kyrkje

Rune Johnsen Klevberg er fødd og oppvaksen i Liabygda og har no sitt virke som kantor i Olsvik kyrkje i Bergen. Han har ein enorm kunnskap om kva skattar som finns i orgelmusikken.

Når han ferierer heime i Liabygda no, skal han gleda oss med godbitar av dei nordtyske barokkomponistane Nicolaus Bruhns og Dietrich Buxtehude, franske Camille Saint- Saëns (han som skreiv «Dyrenes karneval, og det er dessutan 100 år sidan han døydde) og engelske Herbert Sumsion (variasjoner over salmen «Det er navnet ditt jeg roper»).

Derifrå tek han oss vidare til Canada, med musikk av Denis Bédard frå Quebec (*1950), så til USA, til musikk av Florence B. Price (1887-1953). Ho var den første kvinnelege, afroamerikanske komponisten som fekk oppført ein symfoni av eit ledande orkester, etter at ho hadde vunne ei komposisjonskonkurranse. Attende i Noreg får vi høyre musikk av Per Hjort («Pjort») Albertsen (1919-2015), organist, lærar og rektor ved Trøndelag musikkonservatorium, og Rune Johnsen Klevberg sjølv. Vi avrundar heilt lokalt med improvisasjonar over ein folketone etter Anders Stavseng.

Kjartan Lied er også fødd og oppvaksen i Liabygda og bur her framleis. I likskap med Rune Johnsen Klevberg femnar han musikalske interesser breitt og vi får m.a. høyre italienske songar frå barokktiden og nyare, kjende norske songar og visar. Det er ei stor glede å kunne innby til vakre tonar på ein sumarkveld.

Vel møtt!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"