Trusopplæraren vil få ansvar for trusopplæringsarbeidet i alle sokna i Stranda og Fjord kommunar etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjer og kyrkjelydshus, og i nært samarbeid med den andre trusopplæraren og med sokneprestane.
Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølv.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
- I samarbeid med kollega og frivillige i sokna vidareutvikle trusopplæringsarbeidet for alle i alderen 0-18 år.
- I samarbeid med stab bidra inn i det øvrige kyrkjelydsarbeidet for born og unge.
- Delta i stabsmøter
- Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
Kvalifikasjonar for trusopplærar:
- Relevant utdanning, gjerne bachelorgrad med kristendom/teologi og pedagogikk.
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom, gjerne trusopplæringsarbeid.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
I tillegg ynskjer vi at trusopplærar er / har:
- Kontaktskapande med evne og vilje til å utvikle godt samarbeid mellom heim og kyrkje.
- Glad i å arbeide med barn og unge
- Kreativ og nyskapande
- God formidlingsevne og god motivator.
- God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team
- Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet
Særskilte krav
- Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket er nynorsk
- Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
- Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter Trussamfunnslova §20.
Vi tilbyr
- Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor
- Medlemskap i KLP
- Relevante kurs og vidareutvikling
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Petra Riste Synnes, tlf. 91519869
Søknad med CV sendast: Storfjorden kyrkjelege fellesråd, Postboks 32, 6201 Stranda, eller epost: post.storfjorden@kyrkja.no
Søknadsfrist 22.05.22.