Håpskonsert med Maria Engås Halsne og Norea Music

Norea Mediemisjon, Vestborg vgs og Stranda misjonsforsamling ønskjer velkommen til ein stemningsfull og annleis førjulskonsert med alt frå julemusikk, salmar og lovsongar i Stranda kyrkje.

Håpskonsert med Maria Engås Halsne og Norea Music

Maria Engås Halsne og Norea Music vil denne kvelden gje deg ei musikalsk oppleving du vil hugse lenge.

Hjertelig velkommen til ein stemningsfull og annleis førjulskonsert med alt frå julemusikk, salmar og lovsongar. Maria er ambassadør for Norea Mediemisjon. Ho «snubla» inn i popmusikken gjennom sigeren i The Voice 2019. I finalen sa blant anna mentoren hennar i konkurransen, Morten Harket, at framføringa hennar var ein av dei beste han hadde sett i konkurransen!

Maria er i dag legestudent og mamma. Ho har alltid halde på med musikk og vore aktiv i lovsangsteneste. Gjennom musikken ynskjer Maria å bidra til å setje ord på følelsar, spreie glede eller gje trøyst. Hennar kristne tru pregar både henne som artist og musikken ho lagar. Ho har eit ynskje om at folk skal kjenne seg igjen i det ho skriv og at musikken ho lagar skal røre ved dei som høyrer.

I tillegg til Maria, får du høyre Elisabeth Lillebø Sæth. Hun er sangar og låtskrivar, og arbeidar i Norea Mediemisjon. Saman med Tone Østby på cello vil dei dele sangar, historiar og musikk som berører. Brit Kari Urdal frå Norea Mediemisjon leiar konserten og formidlar historiar frå område av verda der både det å vere ein kristen, og å drive misjon, er svært krevjande. For mange av desse kristne bak stengte grenser er radio, TV eller Internett einaste kjelde til kristent fellesskap og forkynning.

Billettpris: 200 kroner.

Alt overskuddet går til Noreas arbeid

Arrangør:

Norea Mediemisjon, Vestborg vgs og Stranda misjonsforsamling.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"