Gospelhelg på Hellesylt midt i mars!

Sunnylvingane inviterer vener, songarar og naboar til gospelhelg og seminar med ein av dei mest erfarne gospelkorleiarane i landet: Øystein Lund Olafsen. Ei helg fylt av gospel og glad musikk, fellesskap, inspirasjon og sangglede!

Gospelhelg på Hellesylt midt i mars!

Det har vore på snakk lenge, dette: Det hadde vore å kjekt å invitere Øystein til Hellesylt. For å få inspirasjon, lære nye songar, samlast og synge og ha det kjekt saman. Øystein Lund Olafsen er ein gudbenåda korleiar og pianist, full av energi og musikk. Han har vore på Hellesylt før, mellom anna saman med Elisabeth Andreassen. Sidan då har mange snakka om at “vi skulle ha invitert han tilbake”, og no skjer det. 17.-19.mars kjem han til Hellesylt for å halde seminar, og søndag ettermiddag vert det heidundrande konsert i kyrkja. 

 

 

Øystein Lund Olafsen er utdanna kyrkjemusikar frå Norges musikkhøgskole og har jobba som kantor i Bremnes og Lykling menigheter på Bømlo frå 2019. Frå 2001 til 2018 var han tilsett som kantor i Lommedalen kirke i Bærum. Ikkje minst er han dirigent og musikalsk leiar for Gospelkoret HIM (Oslo) og har jobba med internasjonale artistar som Josh Groban, Kurt Carr, Seal, Barry Manilow og Stevie Wonder samt hatt ansvar for fleire innslag ved The Nobel Peace Prize Concert gjennom fleire år. Gjennom 25 år har han jobba med ein stor del av Norges artistelite og jobbar fast med blant andre Nordic Tenors, Elisabeth Andreassen, Hanne Krogh, Ole Edvard Antonsen, Alexander Rybak, Maria Arredondo & Torstein Sødal, Trine Rein og Anne Vada.

 

Det er fritt fram for alle som vil å melde seg på. På Sunnylven kyrkje si facebookside finn du informasjonen du treng, og så er det berre å kontakte kantor Gunnar Inge Eide eller kyrkjetenar Kristin Storstein for å melde deg på. Det er sett ei nedre aldersgrense på omlag ungdomsskulealder. Vi veit allereie om mange og det er fritt fram for alle, anten du syng i kor fast eller ikkje. Einaste kriteriet er at du har lyst til å synge, og ein kan melde seg på som enkeltperson eller som kor eller gruppe. Det blir lagt opp slik slik at ein kan “kome som ein er”, men den som har lyst til å øve gjennom songane på førehand får notane tilsendt, eller dei kan slenge seg med på øvingane til koret på Hellesylt. 

Dette blir ei helg med masse sangglede og inspirasjon og Øystein er råflink, så det er berre å slenge seg med!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"