Fantastisk jubileumsgudsteneste

Liabygda kyrkje blei feira på best tenkeleg vis på søndag. Strålande vær la ei fantastisk ramme rundt 100-årsjubileet og feiringa.

Fantastisk jubileumsgudsteneste

Gudstenesta blei forretta av biskop Ingeborg Midttømme, prost Svein Runde og sokneprest Finn Arne Roaldsen. Delaktige i gudstenesta var barn frå Liabygda skule som framførte to songar, leia av Gunnar Inge Eide, kantor i Sunnylven og Geiranger, som også spela trombone under gudstensta. Kantor i Nordda og Stranda, Carolin Eide, spela orgel under gudstenesta, Trond Otto Berg spela trompet og Allsangkoret frå Stranda hadde teke turen over fjorden for å bidra med song.


Under gudstenesta overrekte soknerådsleiar i Stranda, Velaug Vassbotn, ein altarbibel i gåve til Liabygda sokn frå Stranda sokn. Kyrkjeverje i Storfjorden kyrkjelege fellesråd, Petra Riste Synnes, overrekte ein lysestake frå fellesrådet. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, overrekte ei gåve på 10.000,- frå Stranda kommune til Liabygda sokn.


Etter gudstenesta var det «fest-kyrkjekaffi» på Trollstova med brennsnut, kaffi og kaker. Sokneprest Finn Arne Roaldsnes leia dei frammøte gjennom eit rikhaldig program med song, musikk, talar og mimring om kva kyrkja har betydd for bygdefolk og tidlegare sokneprestar.


Etter kyrkjekaffien gjekk ferda tilbake til kyrkja kor ein blei orientert om fargeval av interiørarkitekt Liv Anne Øverås som hadde gjeve soknerådet faglege råd i høve oppussinga av kyrkja. Ola Lied tok dei frammøtte med på ei vandring gjennom kyrkja si historie, og det blei satt ein verdig slutt for jubileumsfeiringa med konsert av Kjartan Lied, Willam Kay og Rune Johnson Klevberg


Takk til alle som bidrog til ein minnerik dag!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"