Utlysingstekst
Ingress:
Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område er bygdene i Stranda og Fjord kommunar, kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turistbygda Geiranger, Stordal og Stranda med sine ski- og alpinanlegg. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn med om lag 7000 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10 årsverk fordelt på 13 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor ligg på Stranda.
STORFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD
6200 Stranda
Norge
Telefon: 40441528, Magne Eivind Glomnes
E-post: post.storfjorden@kyrkja.no
Nettside: www.kyrkja.no/storfjorden.no
Søknadsfrist 23.06.2026
Kyrkjetenar(ar) – inntil 25 %
Det er behov for kyrkjetenar i Stranda, Liabygda, Stordal, Norddal og Geiranger sokn
(Kan søkast samla eller mindre stilling knytt til enkeltsokn.)
Vi treng kyrkjetenar(ar) under alle kyrkjelege handlingar, men primært gudstenester og bryllaup i helgene. Klargjering og reinhald mellom tenestene i alle kyrkjene.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja.
- Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
- Arbeidet utførast etter faste rutinar.
Kvalifikasjonar:
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, evne
til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide og å møte menneske i ulike livssituasjonar.
- Må vere medlem i Den norske kyrkja og disponere eigen bil
- Politiattest må kunne framleggast i henhald til Trussamfunnslova §20
Vi tilbyr:
- Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve.
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
-----------------------------------------------------------------
Organist – inntil 30%
Storfjorden kyrkjelege fellesråd søkjer etter Organist i inntil 30% fast stilling. Hovudoppgåvene blir å spele til gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet, med hovudvekt i Stranda og Stordal sokn. Det bur mange dyktige musikarar og songarar i kyrkjelydane som ein kan samarbeide med.
Arbeidsoppgåver:
· Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
· I samarbeid med staben og frivillige medarbeidarar delta i annan kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelydane, m.a. konsertar, jule- og påskevandringar, trusopplæringstiltak, kor, fellesskapssamlingar og stabsmøter.
· I samarbeid med våre kantorar bidra til eit variert og allsidig song- og musikkliv i kyrkjelydane, i samsvar med råda sine gjeldande mål og planar.
Kvalifikasjonar:
· Vi ynskjer ein person med godkjend kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning / erfaring innan kyrkjemusikk.
· Må beherske ulike musikksjangrar. Ynskjeleg med erfaring frå kor- og konsertarbeid, samt arbeid med born og unge.
· Beherske norsk munnleg
· Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
· Vi ynskjer ein allsidig musikar som kan bidra inn i det kyrkjebyggande arbeidet
· Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre.
· Politiattest må kunne framleggast i henhald til Trussamfunnslova §20
Vi tilbyr:
- Ein god og triveleg arbeidsplass med kontor i Stranda kyrkjekontor
- Godt fellesskap og samarbeid med frivillige, sokneråd og lag i bygdene.
- Tilsetjingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.
- God pensjonsordning i KLP
Tiltreding snarleg