Søndagstankar 22.mars: Maria bodskapsdag

Det finst augneblink i livet der noko nytt bryt inn – stille og nesten umerkeleg – men likevel med kraft til å forandre alt. Bibeltekstane denne søndagen handlar nettopp om slike augneblink.

Publisert:

Lukka altarskap i Ørsta kyrkje
Lukka altarskap i Ørsta kyrkje

Hos profeten Jesaja møter vi eit folk som lever i uro og uvisse. Kong Ahas står midt i ei politisk krise og kjenner trusselen frå fiendar rundt seg. Profeten oppmodar han til å stole på Gud og be om eit teikn frå Herren. Men Ahas svarar at han ikkje vil setje Herren på prøve. Det høyrest fromt ut, men samanhengen tyder på noko anna. Kanskje har han allereie bestemt seg for å stole meir på politiske alliansar enn på Gud. Svaret hans kan vere eit uttrykk for frykt eller motvilje mot det Gud vil vise. Likevel kjem teiknet. Gud seier at ei ung kvinne skal få ein son, og namnet hans skal vere Immanuel –Gud med oss. Midt i ei utrygg tid kjem eit løfte om at Gud ikkje står langt borte, men vil vere nær. Då kjem engelen med bodskapen om at Maria skal bere fram barnet som er lova. Det gamle løftet frå Jesaja får kropp og liv.

Maria forstår ikkje alt. Ho spør korleis dette kan skje, og bodskapen må ha vekt uro i henne. For kva ville foreldra hennar seie? Kva ville Josef tru? Og kva ville folk i landsbyen tenkje? Maria måtte vite at dette kunne få store konsekvensar for livet hennar.

Nettopp derfor er svaret hennar så sterkt. Ho seier ikkje ja fordi alt er trygt og avklart. Ho seier ja midt i uvissa: “Lat det skje med meg som du har sagt.” Desse få orda rommar djup tillit. Gud sitt verk i verda byrjar ikkje med makt og styrke, men med eit menneske som vågar å seie ja.

Vi ser ein tydeleg kontrast: Ahas er konge og har makt, men vågar ikkje å stole på Gud. Maria er ung og utan makt, men vågar likevel å opne seg for det Gud vil ho skal gjere. Kanskje er det nettopp dette evangeliet vil vise. Gud sitt verk startar ikkje der makta er størst, men der tilliten finst.

Paulus skriv seinare at då tida var fullkomen, sende Gud Sonen sin, fødd av ei kvinne. Målet er ikkje berre at Gud skal vere nær, men at menneske skal få høyre til han. Gud kjem ikkje berre for å besøke verda; han kjem for å dra menneske inn i fellesskap med seg. Slik bind bibeltekstane seg saman: eit løfte om nærvær, ei ung kvinne som seier ja, og eit nytt forhold mellom Gud og menneske,

For oss som lever i ei tid med uro, raske endringar og mykje usikkerheit, kan desse tekstane vere ei påminning om at håpet ikkje først og fremst ligg i makt, planar eller kontroll. Namnet Immanuel – “Gud med oss” fortel at Gud vil vere nær menneske midt i kvardagen, midt i tvilen og midt i det uferdige livet. Kanskje handlar tru ikkje først og fremst om å forstå alt, men om å vere open. Maria visste ikkje korleis alt ville bli, men ho våga å stole på at Gud ville bera henne gjennom det som kom. Og kanskje ligg også vår utfordring nettopp her: å våge den stille tilliten – og vere opne for at Gud framleis kan kome oss nær i liva våre.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"