Søndagstankar 18.januar: Overflod!

Festen var allereie godt i gang, og det er ingen grunn til å tru at Jesus og læresveinane ikkje var ivrige festdeltakarar. Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 3.søndag i openberringstida.

Publisert:

Søndagstankar 18.januar: Overflod!

Jesus i bryllaup

Festen var allereie godt i gang, og det er ingen grunn til å tru at Jesus og læresveinane ikkje var ivrige festdeltakarar: Det verkar som Jesus gjerne oppsøkte samkomer og feiringar og måltid med alle slags menneske. Om Jesus ikkje skule gjere synleg Guds herlegdom der menneska faktisk var, kvar skulle han då gjere det? Om han ikkje skulle delta i menneska sitt liv, menneska sine feiringar og menneska sine sørgestunder, kvar skulle han då openberre Gud for oss? 

På eit tidspunkt oppstår ein kritisk situasjon: Det er slutt på vinen! Jesu mor seier heilt enkelt til sonen sin: «Dei har ikkje meir vin». Kanskje er den første bøna retta til Jesus? Eit enkelt: «Kan du ordne dette?»

No er tida komen for at Jesus skal vise noko av skaparkreftene sine. Han skal vise noko av evna si til å la Guds krefter skape noko nytt. Han ber tenarane fylle seks store kar med vatn. Vanleg, kvardagsleg vatn. Dei skal gå til han som han ansvaret for selskapet, han som no har hamna i ein pinleg situasjon sidan han ikkje har berekna nok vin. Dei skal la han drikke. Då han smakar, har vatnet vorte vin. 

Jesus viser oss kven og korleis Gud er

Gjennom dette som hende i Kana viser Jesu noko av kven Gud er. Poenget er jo ikkje dei store vinmengdene i og for seg. Johannes kallar ikkje dette Jesus gjer for under eller mirakel. Han kallar det for teikn: Dette var det første teiknet Jesus gjorde; Han openberra sin herlegdom og læresveinane hans trudde på han.  

Jesus viser oss korleis han rår over skaparverket: Han er Guds Son, Ordet, som var der då Gud skapte verda. Han anerkjenner det skapte. Han anerkjenner det menneskelege fellesskapet i sine mange uttrykk:  feiringa og festen, maten og drikken, humøret og det underhaldande. Andre delar av evangelia viser at han også anerkjenner andre sider ved livet vårt- sorga, angsten, spørsmåla, tvilen, angeren. Men Jesus gjer også noko meir. Han skaper noko nytt, viser overfloda av det gode hos Gud. Han let paradiskreftene vise seg for menneska i eit glimt- for at vi skal skjøne: Her er han som er frå Gud, han som også kan møte oss og nyskape oss med sin nåde og kjærleik. Her er han som ber bort synda i verda, og gjev nytt liv og tilgjeving i staden. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"