«Only God can judge me», eller «Berre Gud kan dømme meg», er ei fråsegn som vi høyrer frå tid til annan. Når nokon har gjort noko gale eller kjenner seg urettferdig behandla, kan ein seie dette. Kva er det som ligg i denne tenkemåten? Jo, der mennesket kanskje feilar med å gi rettferdig dom og straff, der vil Gud vere rettferdig. Gud er den endelege dommaren, det er berre han som kan dømme rettferdig i absolutt forstand.
Gjennom tidene har menneske frykta Guds dom, og særskilt dommedag. Forestillinga om ein dag då alle skal stå til rette for Gud, har lange røter i kristendom og jødedom.
For mange har dette vore noko skremande, men for andre har det vore ein frigjerande tanke. Ein gong skal alle urett bli retta opp. Der vald og krenking får skje i det stille utan dom, skal alt ein gong fram i lyset, og Gud skal dømme rettferdig.
Mange synest biletet av Gud som dommar er problematisk og avleggs. Men dersom vi fjernar Guds rettferdige dom, då står vi utan ein Gud som bryr seg, og då har vi heller ikkje nokon absolutt instans for rett eller gale.
Samstundes snakkar Bibelen om ein Gud som også er nådig og god. Både rettferd og nåde må vere med når vi snakkar om Gud.
Jesus seier at det er eit djupt alvor over livet. Fordi Gud har skapt oss og bryr seg om kva vi gjer mot kvarandre. Vi må vere førebudd på Guds dom, seier han. Men vi kan også rekne med Guds nåde og godleik.
Espen Aarseth, sokneprest
Frå preiketekst 23. søndag i treeiningstida:
35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen. 37 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.
Matteus 24,35-39
