Søndagstankar 9. november: Søndag for dei forfølgde

Denne søndagen vert mange stader i landet markert som søndag for dei forfølgde. Les sokneprest Arne Moltubak sine tankar om dagen knytt til likninga om den miskunnsame samaritanen.

Publisert:

Søndagstankar 9. november: Søndag for dei forfølgde

Har du nokon gong tenkt på kor heldig du er som kan tru på kva du vil og endåtil seie det høgt, utan å vere redd for konsekvensane?  Kanskje får du eit skuldertrekk eller eit litt rart blikk, eller kanskje får du krassa kommentarar i tråden din på Facebook. Trygg er du likevel. Du treng ikkje vere redd for at nokon skal kome heim til deg for å irettesette deg eller sette deg eller nokon i familien din i fengsel. Du treng ikkje flykte til eit anna land og starte heilt på nytt fordi du trur noko anna enn det styresmaktene vil du skal tru.

Denne helga markerer kyrkjelydar over heile Noreg «Søndag for dei forfølgde». Saman med den kristne misjonsorganisasjonen Stefanusalliansen set ein fokus på alle dei millionane av menneske i verda som ikkje er like heldige som oss. Som ikkje har lov til å tru på det dei sjølv vil. Som ikkje kan samlast til gudsteneste eller bøn og iallfall ikkje gå frå ei tru til ei anna.

Likninga om den miskunnsame samaritanen utfordrar oss til å løfte blikket utover vår eiga trygge hamn. Den utfordrar oss til å sjå at nesten vår kan sjå ut akkurat som oss eller heilt annleis. Ho kan tru på akkurat det same som oss eller noko heilt anna. Han kan bu i nabohuset eller langt, langt unna. Nesten vår er ho likevel. Fordi ho eit menneske som deg og meg.

Skurkane i likninga er både røvarar og religiøse leiarar.  Helten er ein framand. Ein av «dei andre». Ein som trudde og ba litt annleis og som høyrde til eit anna folk. Som kristne er vi kalla til å elske nesten som oss sjølv, og nesten kan vere kven som helst og tru på kva som helst

Denne helga er vi invitert til å tenke litt ekstra på alle dei som ikkje har dei same rettane som oss. Vi er kalla til å be og til å handle. På www.stefanus.no kan du lese meir om korleis Stefanusalliansen arbeider og kvifor trusfridom framleis er eit viktig tema. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"