Søndagstankar 30.november: Adventstid

Ventetida er i gong. Førebuingstida til jul tek til. Men gledar du deg til jul? Les Kristian Myklebust sine søndagstankar til første søndag i advent 2025.

Publisert:

Søndagstankar 30.november: Adventstid

Heldigvis er det mange som gledar seg til jul. For mange er desember, med advent, jul og nyttårsfeiring eit lyspunkt i den mørkaste tida på året. November kan vere grå og tung, januar kald og kvardagsleg, men desember, altså! Desember tenner lys og pyntar fint, byr på festmat og feiring. For oss nordbuarar gjer det godt med ein lys, glad fest midt på vinteren. Vi treng noko å sjå fram i mot, noko som gir lys og varme. Viss du gledar deg til jul, hald fram med det!

Men så er det mange som ikkje kan glede seg til jul. Kanskje er det slik for deg i år? Det kan vere så mange grunnar til det, utan at alle treng nemnast her. Det er lov å ikkje glede seg til jul! Av og til verkar det som om vi må glede oss; at i jula må alle ha det koseleg og greitt, men slik er det ikkje.

Kanskje er det nokon i din nærleik som ikkje gledar seg så veldig, som du kan gjere noko godt for, som du kan vere ein skilnad for? Kanskje er det nokon som kan få fortelje til deg at: «Det er litt vanskeleg dette med jula no; eg gledar meg eigentleg ikkje, eg» Eller kanskje er det nokon du sjølv kan seie akkurat det til?

Til alle som er vaksne kjem eg med ein førjulsappell: Kva val tek vi som får konsekvensar for andre, ikkje minst for borna? Korleis kan du velje i jula, slik at ho vert betre for dei rundt deg? For det er ikkje tvil om at det mange born som ikkje gledar seg til jul, mest fordi dei vaksne tek val som går utover borna.

No i advents- og juletida har kyrkja ei spesiell oppgåve: Det er å fortelje den same forteljinga som har vorte fortald i to tusen år: Om eit barn, fødd langt borte frå all juleidyll. Om gjetarar, som måtte arbeide ute på dei kalde markene heile natta, som ikkje hadde verken særleg mykje glede eller forventing, men som likevel fekk sjå Jesusbarnet. Om vismennene, med fine klede og pengar til staselege gåver, som hadde store forventingar og mykje glede, som også fekk sjå dette barnet i krubba.

Juleforteljinga er både for deg som gledar deg til jul, og for deg som ikkje gjer det. Ho handlar om at dette vesle barnet kom til jorda, til oss menneska som bur her, og at denne vesle, gråtande, svake babyen, som var heilt avhengig av dei vaksne si omsorg- at dette barnet faktisk var Guds son. Det er Gud som kjem til oss, midt i alle våre kvardagar, all vår lengsel og alle våre problem. Han kjem til oss fordi han bryr seg om oss, fordi han vil oss godt, fordi han vil at vi skal ta i mot han.

Han som kom til oss julenatta, barnet i krubba, Jesus, han kom både til dei som gledar seg til jul og dei som ikkje gjer det. Han kom for oss alle saman!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"