Palmesøndag har i kyrkjene ofte vore barna sin dag. Det er lett å leve seg inn i den glade stemninga rundt Jesus denne dagen. Og det er lett å sjå for seg ein enkelt kledd mann som rid på eit esel, men som rart nok vert hylla som konge over Israel. Tenk at dei la dei finaste kappane sine ned i støvet slik at han kunne ri over! Og tenk at dei berre gjekk laus på palmetrea og brakk av greiner for å vifte med! Det er framleis lett å la seg begeistre av denne levande fortellinga.
For dei vaksne som fulgte med denne dagen, var Jesu inntog lada med mange lag av symbolikk, nokre av desse laga skjøna dei nok ikkje før etterpå. Dei jødiske forventingane om Messias var høgst levande i folket. Jesus hadde heile tida halde tilbake, og hadde ikkje ville seie noko om denne saka.
Men no har han visst bestemt seg: No vil han vise det for alle. Ut frå dei gamle profetiske orda frå Jesaja om Herrens tenar, lagar Jesus heilt medviten ei scene som folk vil hugse. Han hentar eit ungt esel for å ri på slik profeten skriv, og sjølv om han er audmjuk, lar han seg hylla som konge, og seier ikkje imot.
Seinare i påska skal Jesaja sine ord om den lidande Herrens tenar verte oppfylt på krossen og bli ein viktig tolkningsnøkkel for dei kristne.
Men palmesøndag er først og fremst ein gledens dag som formidlar at Jesus sjølv går inn i rolla som Messias, ikkje som ein krigar, men ein fredskonge som også er villig til å lide for oss.
