For Martin Luther og dei andre reformatorane vart helgendyrkinga i den katolske kyrkja sett på som ei usunn persondyrking. I årskalenderen som vart kalla primstaven, var det merkedagar gjennom heile året for ulike helgener. På denne måten vart helgnene æra, og menneska vart vevd inn i historia med alle dei som hadde levd før.
Men etter reformasjonen vart dette slutt på. Ein skulle ikkje trenge å gå gjennom ein mellom- mann eller -kvinne for å be til Gud. Men dermed mista også den protestantiske kyrkja mykje av si historie bakover i tid. Og protestane i folket viste at helgnene framleis betydde mykje.
Derfor vart nokre av helgendagane innført igjen som minnedagar. Jonsok vart feira til minne om døyparen Johannes, og Olsok til minne om Olav den heilage.
På 1800-talet vart Olav og Olsok igjen viktig i nasjonsbygginga og gjenreisinga av Nidarosdomen som eit samlande symbol. Historia vart igjen viktig for å gi nasjonen ein felles identitet.
Sjølv om dei fleste tenker annleis i Noreg i dag, er det stadig aktuelt med religiøs legitimering av makt i vår moderne verd. Vi ser at dei verdiane som verkar samlande på eit folk, også kan verte nytta til å ekskludere dei som ikkje passar inn.
Jesus sjølv, derimot, inkluderte utlendingar og outsidarar i sitt følge. Inkludering og nestekjærleik går framfor familie og folk for Jesus sjølv.
Kristendommen var i si første tid ikkje bunde til nasjonar eller folkeslag. Det var ei multi-etnisk rørsle som omfatta mennesker både høgt og lågt på rangsstigen. Slavar kunne samlast i same gudsteneste som rikfolk.
Olav døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli i 1030. Han mislukkast nok i eigne auge med å verte den mektige krigarkongen som samla og kristna landet. Men hans nederlag vart vendt til noko som vart større enn han kunne sjå. Barske vikingar kunne no skimte Kristus gjennom ein av sine eigne. Dei fekk ein helt å sjå opp til.
«Noregs evige konge» har han vorte kalla. Det han gjorde samla landet og held fram med å samle landet den dag i dag.
Espen Aarseth, sokneprest
Preiketekst på Olsok:
24 No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største. 25 Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar. 26 Men slik er det ikkje hos dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og leiaren skal vera som ein tenar. 27 For kven er størst, den som er gjest ved bordet, eller den som er tenar? Er det ikkje gjesten? Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.